Hopp til innhold

Assisterande rektor ved Velle skule

Arbeidsgiver

Ørsta kommune

Sted

Anders Hovden-gata 4, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande rektor ved Velle skule
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Ved Velle skule er det ledig stilling som assisterande rektor frå 01.03.2026 og fram til 31.12.2026. Stillinga er eit vikariat, med moglegheit for lenging.

Velle skule er ein av i alt sju kommunale skular i Ørsta kommune og er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.

Det er ein 1.-7. skule med omlag 430 elevar og 82 tilsette. I tillegg er det ein praksisskule, samt partnerskule med Høgskulen i Volda (LU-skule).


Arbeidsoppgåver

  • Assisterande rektor skal støtte rektor i det pedagogiske, faglege og administrative arbeidet ved skulen slik at skulen vert driven etter gjeldande plan-, lov- og avtaleverk  
  • Ansvar for dagleg drift av skulen som t.d. bemanning og personalarbeid, organisering av undervisninga, timeplanlegging og ulike andre administrative oppgåver
  • Stillinga vil medføre noko personalansvar
  • Utviklingsarbeid og samarbeid med SFO vil kunne bli lagt til stillinga
  • Det ligg også undervisningsoppgåver til stillinga
  • Assisterande rektor vil fungerer som rektor i rektors fråvær

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning og praksis frå grunnskulen
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring, men ikkje eit krav
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11

Vi legg vekt på at assisterande rektor har god digital kompetanse. Den som vert tilsett, må kunne bruke dei digitale verktya Ørstaskulen har, i tillegg til Google Apps for Education. Dette gjeld mellom anna timeplanlegging, Vigilo og arbeid med opplysningar i PAS og UBAS. Opplæring blir gitt, men ein må også vere villig til å setje seg inn i systema på eiga hand.

Personlege eigenskapar

VI ynskjer at du:

  • har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • er kreativ og tek initiativ til pedagogisk utviklingsarbeid
  • er engasjert og har evne til å inspirere andre
  • er systematisk og har føresetnader for å bidra til god ressurs- og økonomistyring
  • kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju. 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Kompetanseheving og utvikling gjennom nettverksarbeid
  • Deltaking i det overordna utviklingsarbeidet for Ørstaskulen i dei kommunale skuleleiarmøta
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
    Som assisterande rektor blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, dine nærmaste blir sikra økonomisk når du døyr, og du får gode vilkår på bustadlån.

Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4
Stillingskode 7954 - Assisterande rektor
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Vidar Nupen, Rektor, 46 92 65 82, vidar.nupen@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 4
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5067595335
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 08.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Vidar Nupen

Rektor

46 92 65 82

vidar.nupen@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

42da2aca-e18a-47c8-8959-a55bde422aa3

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a90a630485a4472f9492b9db21af1f10

Lignende annonser