Vi søkjer matvert!
Matforsyning avdeling Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Matvert
- Type ansettelse
- Fast, deltid 65%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 21. mai
Vi ser etter deg som vil vere med og skape gode måltidsopplevingar for pasientar ved Haugesund sjukehus.
Som matvert spelar du ei viktig rolle i kvardagen til pasientane våre – med mat, omsorg og service i fokus. Stillinga er til dagleg lokalisert for arbeid i pasientkantinene for både dei somatiske og dei psykiatriske sengepostane – eller på produksjonskjøkkenet vårt. Du vil bli del av eit fagleg godt og triveleg team som kvar dag lagar og serverer mat som gir både energi og omsorg.
Vi jobbar kvar dag for å levere rett mat, til rett tid – med kvalitet og omsorg som felles mål.
👉 Høyres dette ut som noko for deg? Då må du søkje no!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgavene er blant anna:
- Å servere og tilrettelegge måltid frå pasientkantinene ved både somatiske og psykiatriske sengepostar.
- Bidra til produksjon, logistikk, rydding og oppvask.
- Du bruker dagleg våre digitale system for mattryggleik og kvalitet (IK-Mat og HACCP).
- Kontakt med pasientar der vi møter daglege, lærerike utfordringar knytt til ernæring og kosthald.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskeleg med relevant erfaring frå institusjonskjøkken.
- Grunnleggande IKT-kompetanse og erfaring i bruk av elektroniske hjelpemiddel.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er fagleg flink og interessert i å utvikle gode tilbud av rett kvalitet for pasientane
- har interesse for ernæring og ønsker å bidra til gode kosttilbod for pasientane våre
- er ansvarsbevisst og sjølvstendig, men òg ein god lagspelar
- tåler høgt tempo – og møter utfordringar med eit smil.
- er strukturert og har sans for gode system og effektiv logistikk.
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir del av eit miljø med god fagkompetanse, trivsel og engasjement.
- Du får opplæring, støtte og moglegheit for å utvikle deg vidare.
- Du får jobbe i ei avdeling med fokus på HMS, kvalitet og framtidsretta drift.
- Hos oss får du vere med på å løyse framtidas utfordringar innan matforsyninga.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjarar gjere krav om dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Bjarte Halleraker, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5122091933
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Bjarte Halleraker
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4192ba5f-79e8-4453-9a22-9f9557ff14d4
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
459a218289604482b84b8c5871d195d7