Hopp til innhold

Er du kokk og vil lage mat som betyr noko?

Arbeidsgiver

Matforsyning avdeling Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 14. mai

Ved kjøkkenet på Haugesund sjukehus produserer vi mat som gir energi, tryggleik og glede til pasientar og kollegaer.

No ser vi etter ein engasjert kokk som vil vere med å lage sunn og smakfull mat til dei som treng det som mest.

Du blir ein del av eit flott team som serverer måltid til pasientar, tilsette og besøkande – og som har ansvar for produksjon til pasientkantiner, Haugaland DPS, Karmøy DPS, BUP og personalkantina. Her lagar vi rundt 120 000 porsjonar i året – med stolthet og respekt for råvarene og for menneskene vi lagar maten til.

Stillinga er 100 % og inneheld arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale.

👉 Har du spørsmål? Ta kontakt med Andreas Johansson (funksjonsleiar) på 968 47 985 eller Bjarte Halleraker (avdelingsleiar) på 951 80 683.


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

  • Å laga næringsrik mat frå grunnen, etter ulike behov og dietter.
  • Du vil delta i både produksjonsarbeid og servering i kantina.
  • Å arbeide etter gode rutinar for mattryggleik (IK-mat og HACCP).
  • Du har kontakt med pasientar og møter daglege, lærerike utfordringar knytt til ernæring og kosthald.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fagbrev som kokk eller ernæringskokk.
  • Erfaring i varebestilling/logistikk er eit krav.
  • Erfaring frå storkjøkken – gjerne sjukehus.
  • God digital kompetanse og lærer deg nye system raskt.
  • Det krevs gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunne dokumentere bestått eksamen på minimum trinn B2.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
  • held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv
  • er strukturert, sjølvstendig og trivst med ansvar
  • har god kjøkkenøkonomi og forstår viktigheten av logistikk
  • stiller høge krav til kvalitet og eigne resultat
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • har eit smil på lur og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Ein arbeidsplass med mange spennande utfordringar.
  • Bli ein del av eit kjøkken i utvikling, med nye planar og høg aktivitet.
  • Moglegheit til å påverke fagområdet ditt og bidra til betre matopplevingar.
  • God opplæring, støtte frå erfarne kollegaer – og høve til å lære meir.
  • Introduksjonskurs, jamnlege kurs og leiaropplæring.

For å kunne vurdere førerett til stillingen, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden

Kontaktinformasjon

Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar, 951 80 683

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5120794771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Halleraker

Avdelingsleiar

951 80 683

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e4a2aca7-f829-4160-89a1-de057fe483b5

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a141050e82bc4b0b8f1da2e859a52291

Lignende annonser

Laster lignende annonser