Ledig 60 % fast stilling som fagarbeidar
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Treungvegen 505, 3855 Treungen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig 60% fast stilling som fagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Turnus, kveld, søndag
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. desember
Sjå her !
Vi søker deg, som er engasjert og fagleg dyktig fagarbeidar til vårt team ved Kåsa bu- og avlastning. Hos oss får du mogleheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til mennesker med ulike behov, og bidrege til at dei opplev meistring, tryggleik og livskvalitet.
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.
Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Avdelinga har årsturnus, kor du er med å utforme din eigen turnus etter dine behov og ynskjer. Du kan velge mellom langvaktar, ordinære vakter og arbeid kvar 3 eller 6 helg.
Vi håpar DU søkjer og ynskjer deg velkomen til oss !
Arbeidsoppgåver
- Fremme målretta metodisk miljøarbeid
- Yte praktisk bistand og veiledning i daglege aktivitetar
- Dokumentasjon i henhold til gjeldende rutiner
- Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
- Fylgje opp individuelle planar og mål
- Jamleg samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisert fagarbeidar, gjerne med erfaring frå fagfeltet
- Vi opnar for ufaglærte, du må då ta utdanning innan 4 år
- Må kunne beherske digitale verktøy.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, manuell.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har god samarbeidsvilje
- Du tilpassar deg og er open for endringar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du har positiv innstilling og haldning
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
- Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter med arbeid kvar 6. helg, ordinære vakter kvar 3. helg, eller ein kombinasjon av desse.
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
- Lønn etter tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Eininga har fokus på kompetanse utvikling og har ulike studieordningar for tilsette
- Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.
Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5043681044
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Nyhus
Avdelingsleiar habilitering
+47 95 15 14 18
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40dfed07-51e4-49b8-9055-de0507500940
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4566276f4f65438a8e0ac593e1e3bc0f
Lignende annonser
Ledig stilling som vernepleier/Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Sted
Treungen
Ledig helg stillinger og 40% vikariat
Arbeidsgiver
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Sted
Treungen
Arbeidsgiver
Kviteseid Omsorgssenter
Sted
Kviteseid