Hopp til innhold

Nattevakt 50% fast - Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune

Sted

Sollivegen 2, 3855 Treungen

Om jobben

Stillingstittel
Nattevakt 50% fast - sjukepleiar på Nissedal omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 8. mai

Nattevaktene våre er ein fin gjeng - og no har me plass til fleire! Me søkjer deg som ynskjer å jobe natt i heimetenesta og på omsorgssenteret.

 

Me har ledig ei 50% stilling med arbeid kvar tredje helg. Nattevaktene er på 10 og 11 timar, noko som gjer deg friperiodar der du kan jobbe dag eller kveld i andre avdelingar dersom du ynskjer det. Du vil inngå i det øvrige nattevaktsteamet på Nissedal omsorgssenter, slik at de totalt er tre nattevakter på jobb kvar natt. Eininga har årsturnus, og du er med på å utforme din eigen turnus etter dine behov. 

 

Hjå oss får du ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø, med fleksibilitet og høve til å påverke din eigen kvardag


Arbeidsoppgåver

  • Gje helse- og omsorgstenestar til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta, for å syte for fagleg forsvarlege tenestar
  • Systematisk oppfølging av brukarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
  • God munnleg og skritleg kommunikasjonsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er: 

  • Positiv og samarbeidsvillig, og behandlar brukarar, pårørande og kollegaer med respekt
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar, samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar, samt eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Stabil og har høg arbeidsmoral

Personleg egnahet vil vektleggjast

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdanning og intern kompetanseheving
  • Me har studieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter endt utdanning
  • Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
  • Eige tillegg for nattevaktene, som per i dag er kr. 25 000,- pr. 100% stilling
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester

Arbeidsstad

Sollivegen 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5118413229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Eline Metveit

Avdelingsleiar for institusjonstenester

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1bfe1eb7-9d65-4485-90be-023cac7a1a7e

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

575a50f562624220bddfd697a9c443f1

Lignende annonser

Laster lignende annonser