Ledige helgestillingar i Kåsa bu- og avlasting
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Treungvegen 505, 3855 Treungen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige helgestillinger i Kåsa bu- og avlastning
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 7. mai
Kåsa bu- og avlasting har fleire ledige helgestillingar i ulike turnusar. Her får du ein meiningsfull jobb!
Vi tilbyr fleksible løysingar som kan bli tilpassa dine behov og ønskje:
- Annakvar helg
- Tredjekvar helg
- Sjettekvar helg
Du kan velje mellom vanlege vakter og langvakter i årsturnus, og stillingsstorleiken blir tilpassa etter kva for rotasjon du ønskjer å vere ein del av.
Vil du vere med på laget vårt, så treng vi deg!Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med seks leilegheitar, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder og hjelpebehov.
Vår kompetanse er særleg knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk.
Vi har eit bredt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagelig utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til ein positiv kvardag for brukarane
- Delta i bebuarane sine daglege aktivitetar og gjeremål
- Praktiske gjeremål i bustaden og andre oppgåver ut frå arbeidslister til den enkelte bebuar.
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Noko bistand i personleg hygiene
Kvalifikasjonar
- Miljøterapaut, fagarbeidar, student
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Førarkort kl B, manuell
- Kunne jobbe sjølvstendig men også gode samarbeidsevner
- Kan beherske digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er engasjert og motivert til å jobbe for ein god, trygg og forutsigbar kvardag for bebuarane
- Er imøtekommande og omsorgsfull i møte med bebuarane, pårørande og kollegar
- Tar initiativ og er ansvarsbevist
- Bidra til et godt arbeidsmiljø
Personleg egna vert lagt til grunn ved tilsetting
Vi tilbyr
- Varierande arbeidsoppgåver
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Lønn etter tariff.
- Nissedal kommune tilbyr 10 års inngangsansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5113809162
Stillingsprosent: 16,67%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Nyhus
Avdelingsleiar habilitering
+47 95 15 14 18
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1ca18787-8b15-4ff6-8997-302be41496fa
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
083628935ea5476484e83db233986ea2