Ulvik søkjer sjukepleiarar!
Ulvik Herad Helse- og velferd
Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige stillingar som sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. juli
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode
helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett
fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i
heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og
beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.
Om stillinga
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.
Oppgåver- Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
- Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
- Ansvarsvakt og leiing av team
- Beredskapsvakt på natt
- Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
- Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
- Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Samhandling med pasientar og pårørande
- Rettleiing av kollegaer og studentar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste
Personleg eignaheit vert vektlagt
Kven ser me etter?Me ser etter deg som
- Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
- Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
- Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Årsturnus med moglegheit for påverknad
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
- Ein jobb i verdas vakraste bygd
- Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
- Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager.
- Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)
Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om UlvikIdyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv.
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3ed2d7da-a428-4f43-9f69-93bc9cd5bc70
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635627_250411_nn