Hopp til innhold

Fagarbeidar i tekniske tenester - Utedrift - Park

Arbeidsgiver

Årdal kommune Tekniske tenester

Sted

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Me har ledig

100% fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift - park.

 

Arbeidsoppgåver

Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning og avløp.

Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park, men ein kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

Det vil vere varierte arbeidsoppgåver innanfor vedlikehald av park og grøntanlegg. Det vil vere alt frå plantepleie, plenklipping, stell av blomsterbed, trefelling samt bruk og vedlikehald på ulike maskiner som grasklipper, motorsag, kantklipper og liknande. Det vil vere arbeid utandørs i ulike værforhold.

 

Kvalifikasjonskrav

Me ser etter ein person som har fagbrev innan stell av park og grøntanlegg, men andre med relevant praksis innanfor faget kan og søkje.

Den som vert tilsett må ha sertifikat i klasse T og  B(E).

 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde og me søkjer etter ein person som;

-          er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma eit godt samarbeid

-          kan sjå gode løysingar i alle ledd i organisasjonen

-          har god fysikk, då arbeidet ofte kan vere fysisk krevjande

-          kan trivast både åleine og i samarbeid med andre

-          Har praktisk sans og er løysingsorientert

 

Me tilbyr:

Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.

Løn etter hovudtariffavtalen.

Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3de3c8cc-298b-4153-a05b-5e6684a00bec

Sist endret

18. november 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3559947_226807_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser