Hopp til innhold

Inntak av ambulanselærlingar 2026

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, ambulanseeininga, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Inntak av ambulanselærlingar 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
14
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Kirurgisk serviceklinikk er ein av dei største klinikkane ved sjukehuset og Akuttmedisinsk avdeling er ei stor avdeling i Kirurgisk Serviceklinikk med vel 350 tilsette.
 
Akuttmedisinsk avdeling har ansvaret for ambulansedrifta og nødmeldetenesta i føretaket og dekker områda frå Austevoll i sør, Gulen i nord, til Eidfjord i aust og Øygarden i vest. Vi er organisert i ambulanseeining, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og luftambulansen i Bergen. Det er til ei kvar tid om lag 25-28 lærlingar i ambulansefaget ved Akuttmedisinsk avdeling, vi har eigne instruktørar for utrykkingskøyring og vi driv akuttmedisinsk opplæring av ulike personellgrupper.
 
Frå august 2026 har Helse Bergen ledige lærlingeplassar i ambulansefaget med oppstart veke 32. Opptak og intervju er planlagd i veke 15, med atterhald. I løpet av læretida vil du som lærling bli stasjonert i ein av våre seksjonar, men vil ha arbeidsstad ved fleire av våre ambulansestasjonar.


Arbeidsoppgåver

  • Delta på ambulanseoppdrag innanfor heile fagfeltet og oppnå mål og delmål i henhald til fagplanane
  • Vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teoretisk fordjuping
  • Vurdere ulike situasjonar og lære av eige og andre sitt arbeid
  • Delta på avdelinga sine fagdagar og planlagde øvingar internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og bestått VG 1 Helse- og oppvekstfag
  • Gjennomført og bestått VG 2 Ambulansefag
  • Søkarar som ikkje har fullført og bestått VG2 frå ordinær skole kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemde studieretning inkl. YFF (Yrkesfagleg fordjuping)
  • Helseattest ikkje eldre enn 6 månader (Blankett IS-2569 22.05.2017 - medisinskekrav for førarkort klasse D og utrykkingskøyring)
  • God Norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunne bruke PC og aktuelle IT-program som arbeidsverktøy
  • Politiattest vil bli avkrevd ved tilbod om stilling, iht. Helsepersonellova §20 
  • Førarkort klasse B; Ved manglande sertifikat på søknadstidspunktet må søkar gjennomføre og bestå kompetansen innan januar 2027. Søkar må sjølv dekke kostnadar relatert til dette. Husk å beskrive plan for gjennomføring av dette i søknaden om lærlinginntaket og ved intervju
  • Førarkort klasse C1 (lett lastebil); Ved manglande sertifikat på søknadstidspunktet må søkar gjennomføre og bestå kompetansen innan utgangen av april 2027. Søkar må sjølv dekke kostnadar relatert til dette. Husk å beskrive plan for gjennomføring av dette i søknaden om lærlinginntaket og ved intervju
  • Alle attestar, vitnemål og karakterkort, samt kopi av helseattest må vere vedlagt søknaden. Søkarar som avsluttar skolegang i 2026 må sende ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdf. Sørg for at vedlegga er lesbar
  • Søkarar med bustad i Bergen og omegn kan bli føretrekte ved stor søkarmasse
  • Det er særs viktig med god og korrekt utfylt søknad. Søknader med manglande dokumentering av kvalifikasjoner vi ikkje bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Pliktoppfyllande og ansvarsbevisst
  • God fysisk og psykisk helse
  • Respektfull ovanfor pasientar
  • Løysingsorientert
  • Tar ansvar og trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Det blir gjennomført opptaksprøve før tilsetting
  • Fysisk opptakskrav hos oss er todelt. Det vil først bli gjennomført ein enkel fysisk test som ein må bestå for vidare deltaking i opptaket 
  • Vidare vil opptaket bestå av teambuildingsoppgåver, som består av både fysiske, logiske og faglege utfordringar
  • Meir info om opptak og fysiske testar finn ein på: Ambulanselærlingar

https://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-serviceklinikk/akuttmedisinsk-avdeling/ambulanselerlingar#opptakskrav

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Greve, Fagleg leiar lærlingar/ Ambulanse, 90090868, frank.greve@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5060735003
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 10.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Frank Greve

Fagleg leiar lærlingar/ Ambulanse

90090868

frank.greve@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3d2f7c0c-787a-42d6-8014-c6eb41454fc0

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bdea851508514b08b559a613f8548bdc

Lignende annonser