Hopp til innhold

Traineestillingar for helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Traineestillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Dette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli ein så god helsefagarbeidar som mogleg.
 
Som traineehelsefagarbeidar blir du tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og deltar på traineeprogrammet dei to første åra av stillinga. I 2022 starta Helse Bergen traineeprogram for helsefagarbeidarar. 

I traineeprogrammet følger du eit fagleg program. Du vil få fellesopplæring og kurs når du startar, og fleire fagdagar og ​rettleiing undervegs i programmet. Fagdagane gir deg mellom anna teoretisk og praktisk opplæring i ulike prosedyrar.

Traineeprogrammet er delt inn i tre arbeidsperiodar, kvar på 8 månader ved ulike einingar (Medisinsk, Kirurgisk, Ortopedisk, Nevrologisk, kreft -klinikken eller/og Psykiatri/Rus). Målet er at du skal få arbeidserfaring ved tre ulike fagområde. Etter at programmet er ferdig, har du framleis 100% fast stilling i Helse Bergen, og saman med deg finn vi kva for ei avdeling du skal tilhøyre. Det kan ​vere ei avdeling du allereie har vore på, i Bemanningssenteret eller ved ei anna avdeling.

Korleis verkar det i praksis?  Som traineehelsefagarbeidar vil du følge den ordinære opplæringa ved avdelinga du arbeider på, og få same oppfølging som blir gitt til nytilsette helsefagarbeidarar ved denne avdelinga. Traineestillingane går inn i den daglege drifta ved avdelinga og i deira arbeidsplanar. Vanlegvis vil det seie 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.

Gjennom traineeordninga vil vi gi deg som helsefagarbeidar god breiddekompetanse og strukturert opplæring i kliniske oppgåver. Den varierte arbeidserfaringa gir deg unik kunnskap innan fleire fagfelt, og eit solid fundament for å bli ein dyktig helsefagarbeidar i spesialisthelsetenesta.

Oppstart i programmet vil vere frå 15. juni 2026. Du må pårekne å jobbe samanhengande 6 veker i perioden vekene 25-34.

Legg ved karakterutskrift og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. 

For å lese meir om traineeprogrammet for helsefagarbeidarar og kven det passar for, følger du denne lenka: traineeprogram-for-helsefagarbeidarar


    Vi trur at det vil vere ein fordel om du:

    • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
    • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
    • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
    • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
    Du må:
    • Ha eller vil få norsk autorisasjon som helsefagarbeidar innan sommaren 2026
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
    Vi tilbyr deg:
    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
    • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Mari Pedersen, Seksjonsleiar Trainee, Bemanningssenteret, +47 93878352

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5009 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5069212461
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 08.02.2026

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a549f68b-c371-4768-a453-8d921a7ab8c6

    Sist endret

    9. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    27f77ef3f6534a7aa5ec9635626a16db

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser