Hopp til innhold

Lærling helsearbeidarfaget

Arbeidsgiver

Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærling helsearbeidarfaget
Oppstart
12. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Pasientar og pårørande skal bli møtt med respekt, tryggleik og kvalitet. Helse Bergen søker frå hausten 2026, motiverte og entusiastiske lærlingar i helsearbeidarfaget.

Vi har lang tradisjon og god erfaring med opplæring og utdanning av helsepersonell i sjukehuset. 
Det er mange grunnar til å velje læreplass i Helse Bergen: Du får arbeide i eit spennande og allsidig miljø med mange læringsmoglegheiter der du blir godt ivaretatt. Våre dyktige instruktørar gir deg tett og individuell oppfølging. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø. Kvar dag er unik!

Som lærling skal du arbeide ved ulike avdelingar i sjukehuset. Du er ein viktig del av teamet rundt pasienten.
Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål/utskrift av karakterar siste halvår, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar. Dette kan vera arbeidgjevar, lærar, rettleiar i praksis.

Det er også lyst ut stillingar ved Voss sjukehus.


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk observasjon og vurdering av endra tilstand hos pasientar
  • Dokumentasjon og rapport
  • Yte heilskapleg omsorg og pleie til pasientar og ivareta pårørande
  • Tverrfagleg  samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald i sjukehuset
  • Opplæring i prosedyrar og oppgåver knytt til pasientar
  • Utføre læringsaktivitetar tilpassa kompetansemåla i læreplanen
  • Dokumentere fagleg utvikling i kompetanseplan  

Kvalifikasjonar

  • Bestått VGI helse- og oppvekstfag
  • Bestått VGII helsefagarbeidar
  • Meistrar norsk godt skriftleg og munnleg
  • Alle attestar, vitnemål og karakterar, skal leggast ved søknaden. Søkarar som avsluttar skulegang i 2026 sender ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdf. (ikkje skjermbilder eller foto). Dokumenta må vera lesbare

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
  • Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
  • Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Arbeidstid: Turnus, to (dag- og kveldsvakter) - eller tre delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 3.helg
  • Løn etter tariff for lærlingar
  • Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, rettleiing, fagleg og personleg oppfølging
  • Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
  • Eigne fagdagar for lærlingar
  • Rettigheiter og plikter som andre tilsette i sjukehuset
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Moglegheit for vidare arbeid som helsefagarbeidar i sjukehuset

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merete Hefte, adm. og fagleg leiar, 99746231
Åse Anbjørg Grøthe, fagleg leiar, 99295318

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5071798959
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 23.07.2028
Søknadsfrist: 25.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2653af78-c579-4dc1-9070-3ba2f550b03a

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1636d50b1ee34bf98ca3fb6b55ec8a64

Lignende annonser

Laster lignende annonser