Hopp til innhold

100% Vikariat i medlevarturnus

Arbeidsgiver

Voss herad Villa Gjerdebu

Sted

Ringheimsvegen 212, 5710 Skulestadmo

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat som vernepleier ellera anna relevant høgskuleutdanning
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

100 % vikariat i medlevarturnus

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden
Stillinga er knytt til butiltak i avdelinga menneske med nedsett funksjonsevne.
Medlevarturnus med arbeid to- tre døgn, fri seks-sju døgn. Arbeid kvar 4. helg.

 Arbeidsoppgåver

  • Bistå bebuarar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstendigheit.
  • bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita.
  • Dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring.
  • Kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande.
  • Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.
  • Som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar.

 Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning/Fagarbeidar med erfaring kan vurderast.
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig.
  • Har gode faglege kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk.
  • Tverrfagleg komptanse.
  • Relasjonskompetanse.
  • Rettleiingskompetanse.
  • Førarkort klasse B.
  • Fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar.
Personlige eigenskapar:
  • Har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske som har åtferdsutfordringar.
  • Kan arbeide systematisk og målretta.
  • Er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar.
  • Har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar.
  • Bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø.

 Me tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-.

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

May Elisabeth Bolstad

97050363

may.e.bolstad@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3c99c62d-18e5-40b5-a2d9-9a240b806805

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3630781_213079_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser