Hopp til innhold

Sommarvikar/ ringevikar ved avdeling for rus og psykiatri

Arbeidsgiver

Voss herad Rus og psykiatri

Sted

Uttrågata 16, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar/ringevikar
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 29. juni

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Avdeling for rus og psykiatri søkjer no etter sommarvikarar/ringevikarar, stillingane er på deltid/ved behov.

Om avdelinga

 Avdeling for psykisk helse og rusarbeidhar omsorgsbustadeiningar, Ambulerande team og Oasen dagsenter.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta oppfylging av brukar; miljøarbeid, motiveringsarbeid, hjelp til daglege aktivitetar, oppfølging knytt til samarbeidspartnarar, støttesamtaler og medisinhandtering.  
  • Me ynskjer:
    • Me treng sommarvikarar som er trygge på seg sjølv og som kan setje grenser. Du må ha erfaring frå arbeid med menneske, ha gode samarbeidsevner, evne til å tenke nye tankar, høggrad av fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
    • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
    Me tilbyr:
    • Gode vilkår for fagleg utvikling
    • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • Gode pensjonsordningar
    • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
    Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

    Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Bente Hatlestad

    +47 41863079

    bente.hatlestad@voss.herad.no

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    29882b64-ec1c-4c1e-9368-1f200fe05c9d

    Sist endret

    15. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3636743_213027_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser