Hopp til innhold

Vil du jobba som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim?

Arbeidsgiver

Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga

Sted

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar 65% - 2 ledige stillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 16. juni

Om arbeidsstaden
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen. Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 30 bebuarar delt på 3. og 4. etasje. Fast stilling er i turnus med vakter på dag, kveld og 2. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter. Me sett brukarane våre i sentrum, og ynskjer å styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes behov. Me jobbar etter årsturnusprinsippet som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.

Me tilbyr
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • årsturnus som gjev deg ei føreseieleg arbeidstid
Me søkjer
  • autorisert hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig. Gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant utdanning
  • krav om autorisasjon for å bli vurdert for stillinga
  • deg som har gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og innehar gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • deg som er fleksibel, ynskjer å ta ansvar og kan delegere og administrere oppgåver
  • deg som bidrar til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i eininga
  • søkjarar med lang og relevant arbeidserfaring utan autorisasjon som helsefagarbeidar vert også vurdert for stillinga
Arbeidsoppgåver
  • heilheitleg pleie, omsorg og behandling av bebuarar i sjukeheim med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege
  • utføre arbeidsoppgåver i tråd med rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
  • medansvarleg for å laga, oppdatere og følge opp tiltaksplanar i Gerica
  • ta ansvar som primærkontakt etter prosedyre
  • medansvar for avgjersler som blir tatt når det gjelder korleis vi skal ha det i avdelingane, til dømes rutinar, internopplæring, bruk av hjelpemidlar og lignande
  • ansvarleg for å holde seg fagleg oppdatert
  • opplæringsansvar for lærlingar, elevar og andre som har praksis i avdelinga
  • medansvar for et godt og inkluderande arbeidsmiljø i avdelinga.
  • delta på dei kurs, møtar, undervisningsopplegg og lignende som har relevans for arbeidsområdet og ellers søka å utvida sine kunnskapar
  • vere ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene

Som helsefagarbeidar på Voss Sjukeheim jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra tenestar i alle ledd. 
Det er krav om politiattest ved tilsetjing. Søknader vert handtert fortløpande.

Søknad
Tiltreding i stilling 1. september eller etter avtale
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ranveig Dugstad

41704924

ranveig.dugstad@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

17ccdc04-744a-4f45-a823-1da3be109edb

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3633397_213101_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser