Hopp til innhold

Helgestilling i turnus - 30% natt

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig helgestilling på natt frå snarast:

- 30 % fast stilling på natt.

Arbeidsstad
Fusa butenester er avdeling på Fusa, v/einingTilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, tenester i heim, ambulante tenester og avlastningsenter for born. Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Stillinga er i turnus, med moglegheiter for langvakter, og arbeidshelg kvar 4.helg.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege eigenskap.

Det vert lagt vekt på kjennskap og erfaring til brukargruppa og dine personlege eigenskapar.

Bilsertifikat kl. B er nødvendig.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg i årsløn for arbeid på natt
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Yvonne Matre

Einingsleiar

+47 902 89 733

yvm@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3c90cc75-d73a-449f-99ac-4a3d8ae4c3bc

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584983_196017_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Os