Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 21
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Klinikk hovud hals, Hovud-hals og auge sengepost
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 2
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Urologisk avdeling post 2, Urologisk poliklinikk
- Nevroklinikken, Nevrologisk akuttpost, Spinaleininga, Nevrokirurgisk avdeling
- Lungeavdelinga, Post 1
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvardag? Avdelinga vår har fleire kirurgiske fagfelt og stipendordning for kreftsjukepleie. Det er stor variasjon av sjukepleie prosedyrar og arbeidsoppgåver. Det er svært høg trivsel i avdelinga med eit godt og trygt arbeidsmiljø og teamarbeid. Vi har fadderordning for nye sjukepleiarar, ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Ta kontakt om du ønsker ein omvising i avdelinga eller har spørsmål.
Kontakt: Kjersti Walde, tlf. 55973502 eller Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973515.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR)  post 2 har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus med noen nattevakter og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Anja Margrethe Jordal, tlf. 55918425.
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. 
Kontakt: May-Britt Sudmann, tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, tlf. 55973408.
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter frå mars 2026.
Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir, tlf 55970011 eller Thea Amalie Sagstad Nestaas tlf. 55970011.
Kvalifikasjonar (overskrift)
I Urologisk poliklinikk behandlar vi ca 19000 pasientar i året med hovudvekt av kreftpasientar, i tillegg til pasientar med steinproblematikk og nevrourologiske tilstandar. Vi utfører også mindre kirurgiske inngrep. Her blir det jobba i eit høgt tempo som krev god logistikk av dyktige og fleksible medarbeidarar. Vi har høg kompetanse blant sjukepleiarane og spesialsjukepleiarane som har eigne konsultasjonar. Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø bør du søkje stilling hos oss.
Kontakt: Hanne Merethe Landro, tlf. 92089966/55970061.
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. 
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette. 
Kontakt: Hege Storlid, tlf. 93051019.
Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi utgreiar og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. 
Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.
Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.
Du må: 
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg: 
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5034284316
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 3a14101b-d397-4b55-be3c-63680c4b96a7 
- Sist endret
- 27. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 68d0d406204f40f5a40a2c8c8d588252 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal sikkerheitspost og Kronstad DPS
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Traineesjukepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna sjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen