Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal sikkerheit og Kronstad DPS, allmenn døgn
Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal sikkerheitspost og Kronstad DPS
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% fast stilling ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Det er krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
* Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg med langvakter i helgane
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
Kronstad DPS har ledig følgande stilling:
* Kronstad DPS, Allmenn døgn søker sjukepleiar, pt 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg.
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald.
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.
Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til
dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt
miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Seksjon S6 Seksjon S6 har 12 sengeplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Kronstad DPS, Allmenn døgn er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Vi tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Vi behandlar pasientar med forskjellige lidingar som i ein periode treng døgninnlegging. Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Samtalebehandling, medikasjon, utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, individuelle støttesamtalar, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, heimebesøk, eksponering og trening på meistring av livet ute. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar.
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5033230776
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6cc0683d-776b-4775-8b43-812d7878f784
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d7d0b3dddd84d41bd920c767fc283d7
Lignende annonser
Fast 80% stilling på natt for sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Overlege ved Kronstad DPS, fagområde allmennpsykiatri
Arbeidsgiver
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad allmennpsykiatri, Helse Bergen HF
Sted
Bergen