Overlege/spesialist i psykiatri i fagområde allmenn ved Kronstad DPS
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad allmennpsykiatri, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overlege ved Kronstad DPS, fagområde allmennpsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Bli ein del av det engasjerte teamet vårt – vi søkjer spesialist i psykiatri/overlege til den allmennpsykiatriske delen av verksemda ved Kronstad DPS
Kronstad DPS er et stort og veldrevet DPS sentralt plassert på Danmarksplass. Vi har et godt legemiljø med faste legemøte kvar veke.
Den allmennpsykiatriske verksemda ved Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling anten på døgnpost eller poliklinisk – i gruppe og individuelt. Den polikliniske verksemda går føre seg hovudsakleg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akutteamet vårt (seksjon for akutte tenester).
I tillegg har vi fleire spanande prosjekt, som FACT allmennteam og ulike spesialiserte team innanfor allmennpoliklinikkane – mellom anna team for spiseproblem og affektivt team. Vi jobber også med å etablere eit tilbud om ketaminbehandling til pasienter som ikkje har hatt nytte av anna behandling for depresjon.
Vi har behov for overlege i fleire av desse tilboda, og lyser no ut ei stilling der vi inviterer interesserte til å gå i dialog med oss for å forme ei rolle som passar både søkjaren sine interesser og våre behov. Det kan vere ei stilling knytt til ein bestemt seksjon (til dømes allmennpoliklinikk), eller ei kombinasjonsstilling der fleire delar inngår.
Vi har valt å gå for ei litt open og fleksibel utlysing, og håpar du vil gje oss høve til å fortelje meir om kva vi driv med ved Kronstad DPS! Alt etter kva du er mest interessert i, kan ulike leiarar og fagfolk bli med i dialogen.
Om du ikkje er heilt klar for å søkje på bakgrunn av denne teksten, men kjenner på ein viss interesse, håpar vi du tek kontakt. Vi tilbyr gjerne ei uforpliktande samtale der du kan få vite meir..
Arbeidsoppgåver
- Arbeids i seksjon og team etter nærmere avtale
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som har rett til prioritert helsehjelp
- Mogleg deltaking i spissa fagteam, prosjekt eller fagtilbud vil avklarast i dialog med den enkelte søkar
- Rettleiing av LIS-legar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Vere fleksibel og personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med mange dyktige legekollegaer – og gode kollegaer elles i teamet.
- Fagleg utvikling: Vi søkar å legge til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving. Vi arrangerar jamnleg eigne fagdagar. Vi har internundervisning innan relevante og aktuelle tema
- Innovasjon i behandling: Vi er opptatt av å vere i front når det gjeld å utforske og implementere nye behandlingsmetodar, og oppmuntrar medarbeidarane våre til å bidra med idear og kunnskap
- Konkurransedyktig løn og gode moglegheiter for fagleg fordjuping. Har du interesse for forsking, vil vi gjerne ta ein prat om korleis dette kan kombinerast med ei klinisk stilling hos oss.
Slik søker du:
Er du den engasjerte og fagleg dedikerte psykiatrispesialisten vi ser etter? Send oss søknaden din og CV via Webcruiter. Vi ser fram til å høyre frå deg og kanskje ønske deg velkommen til teamet vårt!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Tangen Haug, Overlege, døgnpost, 55956000Andreas Dulsrud, Overlege, allmennpoliklinikk, 90636189
Lars Onsrud, Klinikkoverlege, 91728580, lars.onsrud@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5026791344
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Andreas Dulsrud
Overlege, allmennpoliklinikk
90636189
Elisabeth Tangen Haug
Overlege, døgnpost
55956000
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cb34d85-fdfe-4de6-82bc-4573480bbef0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1642007871774c8c83b0c6dc8e270d82