Hopp til innhold

Overlege i Avdeling stemningslidingar

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege/Spesialist i psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. februar

Vi har no ledig ei fast 100% stilling som overlege i Psykiatrisk klinikk ved Avdeling stemningslidingar. Avdelinga har utvikla seg mykje dei siste åra, og vi har i dag eit sterkt, engasjert og svært triveleg fagmiljø. Stillinga er ledig fordi ein av våre overlegar no gjennomfører ein PhD i 50 %, og det skal etter kvart avviklast overlegepermisjonar.

Som overlege hos oss vil du arbeide saman med høgkompetente kollegaer som ønsker å stå saman, verdsette kvarandre og skape eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe tett i team med andre overlegar, psykologspesialistar og LIS-legar. Du vil òg få tett oppfølging og fagleg støtte, og samarbeide nært med avdelingsoverlegen, som har det overordna medisinskfaglege ansvaret for dei to døgnseksjonane våre.

Avdeling stemningslidingar har to akutte døgnseksjonar og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Seksjonane våre gir òg behandling av bipolar mani ved hjelp av blåblokkerande briller (kronoterapi).

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, står sentralt i arbeidet vårt. Klinikken er i ei spanande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland i 2029.

Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk og er i dag lokalisert på Sandvikenområdet. Dei øvrige avdelingane er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS) og Avdeling psykosomatisk medisin.

Stillinga er ledig etter nærare avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar
  • Handtere tvang jf Lov om psykisk helsevern 
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling 
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing av legar i spesialisering og medisinstudentar 
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet
  • Delta i klinikken si bakvaktsordning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Ønskeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
  • Fordel med erfaring fra sjukehusnivå
  • Interesse/engasjement for forbetringsarbeid og utvikling 
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av samarbeid
  • Du bryr deg om dine kollegaer
  • Du er fleksibel
  • Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø
  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønskjer å vidare utvikla kompetansen din

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidingar
  • Eit engasjerene fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesialistforum og kasuistikkar 
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Knut Olaf Skårdalsmo, Avdelingssjef, 55958774
Jan Alexander Steier, Avdelingsoverlege, 55958778

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5074840591
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jan Alexander Steier

Avdelingsoverlege

55958778

Knut Olaf Skårdalsmo

Avdelingssjef

55958774

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7d4cd88-b9ec-4459-95ad-08a334938ba8

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f085460c509043cabe3353ea67400142

Lignende annonser

Arbeidsgiver

NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus

Sted

Bergen

Overlege psykosepoliklinikk/FACT

Arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF

Sted

Tertnes