Hopp til innhold

Overlege Allmenn døgnbehandling Kronstad DPS

Arbeidsgiver

Kronstad allmenn døgnbehandling, Helse Bergen HF

Sted

Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege Allmenn døgnbehandling Kronstad DPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrke overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon og vi håper du vil nytte denne sjansen til å søke på stillinga.

Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om korte målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk.

Miljøpersonalgruppa består av erfarne og engasjerte sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionom som arbeidar i team rundt den einskilde pasient. Seksjonen er for tida bemanna med tre overlegar, to psykologar, LIS og turnuskandidat. Vi ønsker å utvide til fire overlegar.

Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling på døgnpost og/eller poliklinisk. Den polikliniske verksemda går føre seg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akuttteamet vårt (seksjon for akutte tenester). Overlegane ansatt ved Allmenn døgnavdeling bistår Sekjon for akutte tenester (SAT).


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar. Undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar og personale i kommunehelsetenesta
  • Medisinsk og spesialistfagleg ansvar i døgnseksjon

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Søkar må meiste norsk munntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må vere arbeidsam, ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til godt arbeidsmiljø
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Engasjert og fleksibel med interesse for tverrfagleg tilnærming i pasientbehandlinga
  • Det vil bli lagt vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå mellom dei tilsette
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Anledning til å delta i vidareutvikling av Kronstad DPS
  • Fordjupingsdagar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Urd Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956201
Marit Bjørheim, Fagleg ansvarleg overlege, 55956200

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5078418405
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Marit Bjørheim

Fagleg ansvarleg overlege

55956200

Urd Loftesnes

Seksjonsleiar

55956201

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4b9c07a7-6001-459f-b444-566884121f1c

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

892270b85015459fa127a80345340f26

Lignende annonser

Overlege psykosepoliklinikk/FACT

Arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF

Sted

Tertnes