Hopp til innhold

Helsefagarbeidar til 100% fast stilling ved Lokal sikkerheitspost (LS) 

Arbeidsgiver

Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. ​Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

  • Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus. For stillinga er det krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

  • Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

    Eit viktig samfunnsoppdrag
    Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

    Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

    Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.


        Arbeidsoppgåver

        • Oppfølging og ivaretaking av pasientar
        • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
        • Observasjon av pasientar
        • Dokumentasjon i pasientjournal
        • Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan
        • Vurdere, iverksette, begrunne og dokumentere bruk av tvangsmidlar

        Kvalifikasjonar

        • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
        • Det er ønskeleg med erfaring frå sikkerheitspsykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg
        • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
        • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

        Personlege eigenskapar

        • Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande
        • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)
        • Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar
        • Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
        • Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv
        • Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø
        • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
        • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
        • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
        • Du etterspør rettleiing 

        Vi tilbyr

        • 15 000 kroner pr år i særtillegg
        • Du vil få grundig opplæring
        • Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar, samt deltaking i interne og eksterne kurs
        • Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling
        • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke
        • Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
        • Gode pensjons- og forsikringsordningar
        • Treningsrom for tilsette


        Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

        Kontaktinformasjon

        Joachim Rau Honningsvåg, Seksjonsleiar,  55958348, joachim.rau.honningsvag@helse-bergen.no

        Arbeidsstad

        Sandviksleitet 1
        5036 Bergen

        Nøkkelinformasjon:

        Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

        Referansenr.: 5168492622
        Stillingsprosent: 100%
        Fast
        Søknadsfrist: 06.09.2026

        Kontaktperson for stillingen

        Joachim Rau Honningsvåg

        Seksjonsleiar

        55958348

        joachim.rau.honningsvag@helse-bergen.no

        Om bedriften

        Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
        Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

        Sektor

        Offentlig

        Del annonsen

        Annonsedata

        Rapporter annonse
        Stillingsnummer

        a7499e81-df13-4603-a8b4-692aae5f3c26

        Sist endret

        20. august 2026

        Hentet fra

        talentech

        Referanse

        1cd091ecde7d46d39a12d8f6b0baf584

        Lignende annonser

        Laster lignende annonser