Hopp til innhold

Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver

Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar
Oppstart
2. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
24
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida – Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov.

Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt og tverrfagleg.

Vi søker no engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med frå starten og bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod. Turnus vil vere organisert i eigen langvaktturnus for dag og eigen langvaktturnus for natt, med arbeid pt kvar fjerde helg. Todelt turnus kan vere eit alternativ dersom søkarar ønsker dette.


Vi har ledige stillingar både 100% stilling i langvaktturnus og 80% stilling på natt i langvaktturnus: 

*  Spesialsjukepleiar/ Sjukepleiar
*  Spesialvernepleiar/ Vernepleiar
*  Helsefagarbeidar

Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
  • Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
  • Ansvarsvakt og medikamenthandtering (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
  • Praktiske oppgåver og dagleg drift
  • Aktivisering og støtte i daglege gjeremål
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa

Kvalifikasjonar

For spesialsjukepleiar/sjukepleiar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ønskeleg
  • Relevant erfaring med pasientgruppa

For spesialvernepleiar/vernepleiar:

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller utviklingsforstyrringar er ønskeleg
  • Relevant erfaring med pasientgruppa

For helsefagarbeidar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg

    Felles krav:

    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
    • Vandelsattest må leggast fram før tilsetting

    Personlege eigenskapar

    • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
    • Strukturert og pasientorientert
    • Respektfull i møte med pasientar og pårørande
    • God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
    • Trivst i eit aktivt og travelt miljø
    • Etterspør og nyttar rettleiing

    Vi tilbyr

    • Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
    • Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
    • Fadderordning og opplæring
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
    • Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
    Marthe Halvorsen Kjærstad, Konst. avdelingssjef, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.no

    Arbeidsstad

    Sandviksleitet 1
    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5025956372
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 02.03.2026
    Søknadsfrist: 07.12.2025

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4a5a693b-b5a7-4335-bb98-07b42eb72dd1

    Sist endret

    8. desember 2025

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    4cd173499bf44fc0a9c71942e842394a

    Lignende annonser