Traineesjukepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna sjukepleiarar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Traineesjukepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 30
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Dette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli så god sjukepleiar som mogleg!
Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med oppstart 15. juni 2026.
Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over 2 år. Det er eit styrt løp med 3 arbeidsperiodar ved ulike einingar. Hensikta med traineeordninga er å gje deg god breiddekompetanse og ein tidleg sterk fagleg utvikling. Erfaring frå 3 ulike postar/einingar vil gi deg ein unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera di.
Traineebakgrunnen vil gje deg ei stor kontaktflate i sjukehuset og gjere deg attraktiv for fleire interessante stillingar som sjukepleiar når traineeperioden er over. Traineeprogrammet inneheld fellesopplæring ved oppstart, fagdagar og rettleiing i grupper. Ordninga er koordinert av seksjonsleiar for traineesjukepleiarane.
I løpet av traineeprogrammet skal du arbeide ved 3 ulike einingar.
Du kan velge mellom desse løpa:
* Ordinært løp: 3 periodar der 2 periodar vil vere i somatiske einingar og 1 periode i psykisk helsevern eller i rusmedisin
* Psykisk helsevern og rusmedisin: 3 periodar vil vere i psykisk helsevern og rusmedisin, men det vil også vere mogleg med 1 periode i ein somatisk eining
* Overvakingsløp: 3 periodar i overvakings- og intensivpostar
* Barne- og ungdomsløp: 3 periodar vil vere med barn og ungdom, både i somatiske einingar og i psykisk helsevern
* Voss sjukehus: 3 periodar ved ulike avdelingar - kirurgisk og medisinsk
Du må oppgi i screening prioriterte ønsker. Oppgi i søknaden hvorfor du prioriterer som du gjør.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 25-34.
Ønsker du å vite meir om traineestillingane? Har du spørsmål eller lurer på noko? Ta kontakt med Mari Pedersen eller Janicke Magnussen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna som sjukepleiar i løpet av vinteren 2025 eller våren 2026. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Du er fagleg sterk
- Du meistrar godt norsk både munnleg og skriftleg
- Arbeidserfaring som til dømes sommarjobb eller helgestilling i helsesektoren er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som:- Vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og omstende
- Lærevillig og fagleg nysgjerrig
- Strukturert og tar ansvar for at oppgåver blir gjort
- Kommuniserer klart og tydeleg og kan tilpasse og formidle informasjon på ein forståeleg måte
- Sjølvstendig - samstundes kan du samarbeide godt med andre
- Møter pasientar og pårørande profesjonelt, empatisk og med respekt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit fagleg og sosialt fellesskap med dei andre i traineegruppa
- Fellesopplæring ved oppstart
- Fagdagar i traineeperioden
- Rettleiing i grupper
- Kick-start på karrieren din som sjukepleiar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Mari Pedersen, Seksjonsleiar Traineesjukepleiar, Bemanningssenteret, 93878352Janicke Magnussen, Rådgivar, 41298509
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5029344040
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
61744cad-b7d4-4c1e-af34-b43efc7e810d
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
654e9b3365f34acc8bb8de90739da733
Lignende annonser
Sommeren 2026 -Din inngang til spesialisthelsetjenesten - Start karrieren din ved Haraldsplass
Arbeidsgiver
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Sted
Bergen
Intensivsjukepleiar
Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO), Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Sykepleier til Årstad helsetjenesteteam - vikariat
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Fagsjukepleiar ved Medisinsk overvakingseining, MOE - Medisin post 6
Arbeidsgiver
Medisinsk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen