Ungdomsklubbarbeidar
Hå kommune Fritid
Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 25%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. mars
Det er ledig ei 25 % fast stilling som ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune. Arbeidsområdet er for tida knytt til Ogna ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på torsdagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar.
Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar).
Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast.
Arbeidsoppgåver
• Bistå klubbleiar med å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement
• Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane
• Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane
• Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding
• Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi
• Planleggje og gjennomføre arrangement
• Noko helgearbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet
• Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
• Gode kommunikasjonsevner
• Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser
• Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar
• Engasjert i menneska rundt deg
• God på relasjonsbygging og konflikthandtering
• Praktisk anlagt
• Godt humør og stå-på-vilje
• Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
• Løysingsorientert og fleksibel
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
• Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet
• Løn etter tariffavtale
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
PolitiattestGyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
TilsetjingsvilkårTilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
382ce01d-4d71-4d52-90b5-75f6c9e2a1fc
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3597713_201811_no
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hå kyrkjelege fellesråd
Sted
Nærbø
Lærling barne- og ungdomsarbeider
Arbeidsgiver
Hå kommune Oppvekst og kultur
Sted
Varhaug
Arbeidsgiver
Hå kommune Stokkalandsmarka barnehage
Sted
Vigrestad