Hopp til innhold

Barne - og ungdomsarbeidar.40-50% stilling i SFO

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Kleppe SFO

Sted

Viervegen 10, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

Vi treng fleire miljøarbeidarar i deltidsstillingar til skulefritidsordninga vår ved Kleppe skule.

Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med i ca 450 elevar. Vi har eit stort, godt uteområde og har i seinare tid bygd på skulen med ein flott aula og kantine. Ved vår SFO har vi pr. no fire basar, og vi vil til hausten ha ca 160 elevar i SFO.

Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Nokre av medarbeidarane har Marte Meo sertifisering og fleire skal på kurs neste år. SFO leiar har Marte Meo kollegaveileder utdanning og vi bruker veiledning systematisk for å utvikle oss og gjere vår SFO enda betre. Saman arbeider vi for å skape ein trygg og god base for alle elevane våre på SFO, med trygge vaksne, mykje leik og kjekke aktivitetar. Vi har også tilgang til symjing i Klepphallen ein gong i veka saman med dei eldste elevane. Livredningskurs eller moglegheit for å ta det vil difor vektas positivt.

Vi er på jakt etter deg som liker å leike og vere aktiv med born, som har ønskje og evne til å skape trygge og gode relasjoner, og som vil bidra til gode dagar for- og saman med alle elevane våre. Om du kjenner deg igjen, så er kanskje du den rette for oss?

Vi har behov for nye tilsette i tidsavgrensa stillingar frå 01.08.2026 til 30.06.2027, med moglegheit for fast stilling ved rette kvalifikasjonar.


Arbeidsoppgåver

Som miljøarbeidar har du ansvar for rettleiing, hjelp og oppfølging av einskilde elevar og elevar i grupper etter skoletid, samt organisering og igangsetjing av ulike aktivitetar og leik. Vi ønskjer vaksne som er fleksible, som kan delta i leiken, som ser elevane sine behov og som er gode på å følgje elevenes ønskjer om aktivitetar. Samtidig som du er ein trygg og stødig vaksen som set grenser på ein positiv og trygg måte, og tar ansvar for dine arbeidsoppgåver.

40 og 50% stillingar på ettermiddagar i SFO, i hovudsak om ettermiddagar, men enkelte morgonvakter kan vere mogleg dersom ein ønskjer det. 

Skriv i søknaden kva stillingsprosent du er mest interessert i, og om du har eller har moglegheit for å ta livredningskurs til bruk i Klepphallen.

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande fagutdanning. Anna kompetanse og erfaring kan og vere aktuelt.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er nødvendig og det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan barn med spesielle behov.
  • Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig, minimum nivå B2
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker aktive voksne:

  • Som er opptatt av og kan skape gode relasjonar med barn.
  • Som er strukturert og sjølvstendig og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Som har eit inkluderande elevsyn, og ved behov er villig til å jobbe med seg sjølv for å finne nye og betre måtar å nå inn til elevar på.
  • Som er positiv, fleksibel og har stå-på-vilje.                                                                                                                                                                                                                         
  • Har godt humør, og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.                                                                                                                                                                                                         
  • Som er ein ansvarleg og trygg vaksen som kan setje grenser på ein positiv måte. 

Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksom på at dokumentasjon på blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Vi tilbyr

Ein spanande, variert og utviklande jobb der du får vere med å utgjere ein forskjell for elevane saman med dyktige kollegaer. 
Klepp kommune har velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Løn i henhold til tariff og lokal lønspolitikk

Kontaktinformasjon

Jane Skår, SFO-leiar, +47 40031603

Arbeidsstad

Viervegen 10
4351 Sandholen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5091276358
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jane Skår

SFO-leiar

+47 40031603

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e8479d95-2ee5-4db0-8ead-57c5a55ab29f

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d464ac8b5e0f4e72b3fff1f1477dd3f4

Lignende annonser

Barne - og ungdomsarbeidar.40-50% stilling i SFO - arbeidsplassen.no