Hopp til innhold

Vil du vere med og skape gode kundeopplevingar i Sogndal?

Arbeidsgiver

Sparebanken Norge

Sted

Gravensteinsgata 19, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Finansiell Rådgiver
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i rask utvikling, og vi blir stadig utfordra på kva bank skal vere. Det gjer at vi heile tida må tenkje nytt -- og gir rom for fagleg utvikling, nye idear og moglegheit til å påverke, også i rolla som finansiell rådgivar.

Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss -- og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!

Om kontoret og laget

Ein av våre dyktige rådgivarar skal ut i permisjon, og vi søkjer derfor ein vikar til rådgivarteamet vårt i Sogndal. Her blir du ein del av eit lag som samarbeider tett, deler kunnskap og heiar på kvarandre i kvardagen.
Vi ser etter ein lagspelar som er serviceinnstilt, løysingsorientert og som brenn for å skape gode kundeopplevingar. Hjå oss får du gode føresetnader for å lykkast -- i eit kompetent, engasjert og energisk arbeidsmiljø.

Kva går jobben ut på?

I denne rolla vil du i stor grad møte kundar som kjem innom kontoret, og hjelpe dei med ulike bankrelaterte spørsmål og oppgåver. Du vil òg jobbe med utgåande salgsaktivitetar og bidra der det trengst i den daglege drifta av kontoret.

Ved å løyse dine oppgåver på ein god måte, er du med på å spele resten av teamet god -- samtidig som du får verdifull erfaring og innsikt i rådgivaryrket.

Arbeidskvardagen er variert og består av både fysiske og digitale kundemøter. Det vil vere mogleg med ferie etter avtale, men ein må rekne med å jobbe store delar av sommaren og fellesferien.

Kven er du?

Du er ein trygg og engasjert person som likar å jobbe med mennesker. Du evnar å vere tålmodig, samstundes som du er handlekraftig når situasjonen krev det. Du trivst med å skape tillit og finne gode løysingar saman med kundane.

Vi trur du vil trivast og lykkast hjå oss dersom du:

  • skapar tryggleik og engasjement i kundemøter
  • jobbar strukturert og målretta
  • er nysgjerrig, lærevillig og initiativrik
  • kommuniserer klart og tillitsfullt

Kva får du hos oss?

Hjå oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lykkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.

Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle -- og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.

I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank -- vi byggjer eit lag. Vil du bli med?

Klar for å bli med på laget?

Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg prat.

Varighet: 31.12.26

Søknadsfrist: 06.02.26
Vi behandlar søknader og gjennomfører intervju fortløpande.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

371c3c4a-c931-46ba-b34e-adf68656655a

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

447495882

Lignende annonser