Toppleiar i spanande vekstkommune!
Sogndal kommune
Gravensteingata 17, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunedirektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Kommunedirektørener den øvste administrative leiaren i Sogndal kommune, og har det overordna ansvaret for å leie, utvikle og koordinere kommunen si verksemd i tråd med politiske vedtak, lover, reglar og føreskrifter. Rolla innebere å vere eit bindeledd mellom den politiske leiinga og administrasjonen. Kommunedirektøren skal sikre god økonomistyring og at kommunen leverer gode tenester til innbyggjarane, samtidig som kommunen utviklar seg i takt med samfunnet sine endringar og behov. Vidare skal kommunedirektøren sikre at kommunen oppnår politiske mål og utøve rolla som samfunnsutviklar.
Ønska bakgrunn og erfaring-
Solid leiarerfaring frå høgt nivå i større komplekse offentlege verksemder, gjerne også frå det private
-
God kjennskap til og innsikt i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon
-
God innsikt i lover og reglar som gjeld i offentleg/ kommunal sektor
-
Erfaring frå strategisk leiing, endringsleiing, innovasjon og omstilling
-
Solid erfaring frå økonomi,- budsjett- og verksemdsstyring
-
God rolleforståing for komplekse politiske prosessar og samspel mellom politikk og administrasjon
-
God erfaring med partssamarbeid, og i arbeid med beredskap og krisehandtering
-
Erfaring med relasjonsbygging og aktiv i dialogen med eksterne aktørar
-
God på skriftleg og munnleg framstilling
-
Høgare relevant utdanning
-
Open, ærleg, engasjert, med ein inkluderande leiarstil som byggjer tillit og motiverer medarbeidarer
-
Analytisk, og med strategiske evner, med eit tydeleg og heilskapsperspektiv og god forståing for samanhengar og langsiktige konsekvensar
-
Trygg, robust og synleg, og som samtidig viser mot og tydelegheit i rolla som leiar
-
Tek gode og gjennomtenkte avgjerder, er løysningsorientert og handlingskraftig med sterk gjennomføringsevne- samstundes som du har evne til å lytte, involvere og skape medverknad
-
Solid relasjons- og lagbyggjar, med høg grad av integritet og god rolleforståing
Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Hjertaker Aaberg AS, tlf. 91729682, eller ordførarStig Ove Ølmheim, tlf. 48104840.
Søknaden snarast og seinast 1.mars
Det vert utarbeidd offentleg søkarliste i tråd med offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå lista. Dersom unntak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren bli varsla før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Dei tidlegare kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal blei slått saman til Sogndal kommune frå 1. januar 2020. Kommunen har eit areal på 1 257,89 km², har om lag 12 500 innbyggjarar vel 1200 tilsette og har administrasjonsstad i Leikanger. Sogndal kommune har hatt sterk vekst i folketalet dei seinare åra.
Verdiane samskaping, open, god og nysgjerrig, skal prege måten kommunen som organisasjon jobbar etter. Desse skal ligge til grunn for dei val og satsingar som skal gjennomførast og for å utvikle gode tjenester til innbyggjarane. Sogndal er omgitt av ein makelaus natur med fjelltoppar, fjordar og skog som gir grunnlag for utallige opplevingar og turmål uavhengig av kva årstider ein vel å ta turen ut. Les meir om oss på www.sogndal.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b4ff4f8f-f11c-4177-9259-e02f997268ce
- Sist endret
31. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
448409947
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Plan og teknisk
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Tildelingskontoret
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Luster kommune Oppvekst
Sted
Gaupne