Hopp til innhold

Kjøkkenassistent

Arbeidsgiver

Seksjon for kjøkken og kantine Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 21. mai

Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivst med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team!

Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % vikariat, i 6 månader. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Varemottak og mottakskontroll
  • Matproduksjon og utdeling av mat og drikke
  • Reinhald og oppvask
  • Drift av kantine
  • Bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 18 år
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå storkjøkken er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og lærevillig
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Teknologivandt og komfortabel med digitale verktøy

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5125011993
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Beate Leite Førde

Seksjonsleiar

Beate.Leite.Forde@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

36bf2242-239a-4ac1-b009-78805be7702b

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9f3edbc50ba54ad49717bc80b60bb464

Lignende annonser

Laster lignende annonser