System- og prosesskoordinator (rådgjevar) ved Fakultet for kunst, musikk og design
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- System- og prosesskoordinator (rådgjevar) ved Fakultet for kunst, musikk og design
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Rådgjevar
Vil du ha ei sentral rolle i utvikling og bruk av digitale system i eit kunstfagleg fakultet med eit praksisnært lærings- og arbeidsmiljø?Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen er det ledig 100 % fast stilling som system- og prosesskoordinator (rådgjevar) i Studieseksjonen.
KMD er eit fakultet med komplekse og praksisnære studieprosessar innan kunst, musikk og design. Dette stiller særlege krav til korleis digitale løysingar blir utvikla, innførte og nytta i organisasjonen. Vi søkjer ein systemkoordinator som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, organisasjon og fagleg praksis, og som er motivert for å bidra til at digitale løysingar fungerer godt i kvardagen for studentar, fagmiljø og administrasjon. Stillinga er tett knytt til fakultetet sine fagmiljø innan kunst, musikk og design, og inneber omfattande samarbeid med vitskapleg og administrativt tilsette. God forståing for, eller interesse for, faglege arbeidsformer og eigenarten i desse fagområda vil vere ein fordel i arbeidet med systemstøtte, prosessutvikling og opplæring. Systemkoordinator har ei viktig rolle som bindeledd mellom fakultetet og sentrale einingar ved UiB, særleg innan IT og studieadministrasjon.
Systemkoordinator inngår i Studieseksjonen ved fakultetet saman med om lag 11 medarbeidarar, rapporterer til studiesjef og samarbeider tett med fagmiljø, administrasjon og sentrale einingar ved UiB. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd
Arbeidsoppgåver:
Systemkoordinator har ei sentral rolle i utvikling, implementering og forvaltning av digitale system og løysingar knytte til studieadministrative prosessar ved fakultetet. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Koordinering av fakultetet si bruk av studieadministrative system, inkludert Felles studentsystem (FS)
- Superbrukarfunksjon og fagleg støtte i FS og tilgrensande system
- Bidra i implementeringsarbeid knytt til sentrale system og digitale løysingar, og sikre framdrift i tett samarbeid med brukarar, fagmiljø og sentrale einingar ved fakultetet, der forståing for fagmiljø innan kunst, musikk og design vil vere ein fordel.
- Forvaltning og vidareutvikling av løysingar baserte på Power Platform (til dømes Power Apps, Power Automate, Copilot Agent og SharePoint)
- Støtte leiinga i kartlegging, analyse og vidareutvikling av arbeidsprosessar, med vekt på heilskap, god praktisk bruk og samanheng mellom system tilpassa fakultetet si faglege verksemd innan kunst, musikk og design
- Opplæring, rettleiing og dokumentasjon knytt til bruk av digitale system og løysingar, retta mot tilsette i ulike fagmiljø, der forståing for faglege arbeidsformer og praksis er viktig
- Vidareutvikling og forvaltning av fakultetet sin digitale infrastruktur, inkludert lokale løysingar og samspel med sentrale system
- Ivareta rolla som tenesteforvaltar for KMD sine digitale løysingar, og vere kontaktpunkt mot sentrale einingar ved UiB, mellom anna Studieadministrativ avdeling og IT‑avdelinga, der IT‑avdelinga har det overordna ansvaret for teknisk drift og forvaltning
- Deltaking i utviklingsoppgåver, prosjekt, rapportering, saksførebuing og relevante nettverk
Den som blir tilsett må rekne med å bidra til anna relevant arbeid innan studieseksjonen sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Relevant høgare utdanning på minimum masternivå, til dømes innan informasjonsvitskap, informasjonssystem, digitalisering eller tilsvarande fagområde der samspel mellom informasjon, system og organisasjon står sentralt (særleg relevant og omfattande erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet)
- God forståing for komplekse organisasjonar og samanhengen mellom arbeidsprosessar, system og brukarbehov
- Erfaring med utvikling, implementering eller forvaltning av digitale system og løysingar, og med å omsetje teknologiske løysingar til praktisk bruk i organisasjonar, med vekt på gjennomføring og faktisk nytte
- Kunnskap om og erfaring med FS er ein fordel
- Erfaring med plattform- eller lågkodeløysingar (til dømes Power Platform) er ein fordel
- Det har betydning at søkjaren har interesse for, og gjerne kjennskap til, eitt eller fleire av fakultetet sine fagområde innan kunst, musikk og design, særleg med tanke på samarbeid, prosessutvikling og brukarstøtte
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
- Har god evne til å sjå samanhengen mellom teknologi, arbeidsprosessar og praktisk bruk i organisasjonen
- Arbeider strukturert, analytisk og sjølvstendig
- God kommunikasjons- og formidlingsevne
- Trivst med tett samarbeid og evnar å byggje gode relasjonar på tvers av fagmiljø og roller
- Er trygg i rolla som bindeledd mellom brukarar, fagleg praksis og tekniske løysingar
- Har interesse for utvikling, endring og kontinuerleg forbetring
- Handterer høg aktivitet, fleire parallelle oppgåver og tidsfristar på ein god måte
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi kan tilby:
- Eit fagleg spennande og meiningsfullt arbeid i eit tverrfagleg og kreativt miljø
- Høve til å påverke utviklinga av digitale system og løysingar tett på den operative kvardagen ved KMD
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Stilling som rådgjevar (kode 1434), med årslønn tilsvarande 690 000 – 740 000 kr i det statlege lønsdirektivet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du gjer greie for motivasjonen din for stillinga, kvifor du søkjer, og kvifor du meiner du er kvalifisert for stillinga
- CV
- Kopi av vitnemål og relevante attestar
- Namn og kontaktinformasjon til to referansar
Søknadane blir vurderte på grunnlag av den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i Jobbnorge ved utløpet av søknadsfristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no).
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
HR/KMD
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3662236d-be8a-4945-9d28-40e8058a7a84
- Sist endret
15. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296234