Spesialpedagog
Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialpedagog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. desember
Vil du vere med å skape inkluderande barnehagar der alle barn får utvikle seg og oppleve meistring?
Pedagogisk fagsenter i Haram søker ein dyktig og utviklingsorientert spesialpedagog i 100 % fast stilling frå 01.01.26.
Som spesialpedagog hos oss får du ei unik rolle med todelt ansvar. Du har ansvar for gjennomføring av spesialpedagogisk hjelp etter einkeltvedtak og blir ein sentral støttespelar i barnehagen – med fokus på språkstimulering, gode leikemiljø og inkluderande praksis. Arbeidet ditt skal særleg styrke tilbodet til fleirspråklege barn.
Du vil hovudsakleg ha arbeidsstad i barnehagen, der du samarbeider tett med personalet for å skape eit miljø for omsorg, utvikling og læring for alle barn. Arbeidet omfattar både spesialpedagogiske tiltak og allmennpedagogiske strategiar som fremjer inkludering med særleg fokus på språkleg utvikling. Arbeidet ditt vil ha direkte betydning for både einkeltbarn og fellesskapet. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet på det ordinære tilbodet.
Som spesialpedagog arbeider du i ein eller fleire barnehagar i heile Haram kommune. I fagsenteret sin kontorbase har vi felles plantid, teamarbeid, kompetanseheving og erfaringsutveksling i eit sosialt og fagleg miljø.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein ressurs i arbeidet med å skape inkluderande og utviklingsstøttande miljø for alle barn, med særleg fokus på vidareutvikling av omgrepsforståing og ordforråd hos fleirpspråklege for å styrke språkleg utvikling.
- Støtte personalet i å utvikle gode rutinar og praksisar som fremjer trivsel og tryggleik i barnegruppa.
- Bidra til å styrke det ordinære pedagogiske tilbodet gjennom fagleg rettleiing og samarbeid.
- Gi personalet større handlingsrom i kvardagen gjennom struktur, refleksjon og praktiske løysingar.
- Delta i førebyggande innsats som fremjer tidleg støtte og god utvikling i barnegruppa.
- Delta i aktuelle møte og planarbeid med barnehagar i kommunen.
- Følge opp, gjennomføre og organisere innhald og omfang av enkeltvedtak i tråd med barnehagelova, rammeplan og barnekonvensjonen.
- Utarbeide, gjennomføre og evaluere mål og tiltak ved bruk av plan for spesialpedagogisk oppfølging.
- Sikre godt samarbeid med føresette og barnehagepersonalet.
- Implementere tiltak gjennom heilskapleg pedagogisk tilrettelegging, og sjå samanheng mellom spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
- Vere drøftingspartnar og delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid.
- Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid i eiga teneste.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i barnehagelærar med vidareutdanning innan spesialpedagogikk/ Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk/ Barns språkutvikling og språklæring (minimum 60 stp).
- Anna relevant pedagogisk bachelorgrad med vidareutdanning (minimum 60 stp) kan bli vurdert.
- Erfaring frå barnehage og arbeid med både spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
- Kompetanse eller erfaring med språkstimulering, fleirspråklege barn og inkluderande praksis.
- Erfaring med utvikling av leikemiljø og universell utforming er ein fordel.
- Må ha sertifikat og disponere eigen bil.
- Politiattest påkrevd.
- Bestått norskprøve på nivå B1 eller høgare.
Personlege eigenskapar
Vi søker spesialpedagog som :
- Er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid.
- Er kreativ og arbeider målretta og sjølvstendig.
- Er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie.
- Har særleg interesse for det spesialpedagogiske fagfeltet og kan bidra til innovativ utvikling og læring.
- Har evne og vilje til å tileigne deg fagkunnskap på relevante tema/fagområde.
- Har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.
- Har god kjennskap til IT-system og e-læringsverktøy.
- Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta.
Vi tilbyr
- Eit høgt fagleg nivå med rom for eigen utvikling og læring.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Godt sosialt miljø med gode kollegaer.
- Spennande utfordringar både fagleg og sosialt.
- God rettleiing og oppfølging.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Xenia Heaceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899, xenia.haceaturean-aas@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5044775895
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35fdf55b-6773-4ecc-b8a1-c494b6c98912
- Sist endret
28. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2aeadbbac0104b888d3493d26499ce7b
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sykkylven kommunale barnehagar, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Haram kommune
Sted
Brattvåg