Fagarbeidar - 60% fast og 40% årsengasjement som spes.ped.ass
Sykkylven kommunale barnehagar, Sykkylven kommune
Sørestrandvegen 1235, 6222 Ikornnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar - 60 % fast stilling og 40% engasjement spes.ped ass.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Vi har ledig 100% stilling for fagarbeidar frå hausten 2026, der 60% er fast og 40% er årsengasjement som spes.ped.ass knytt til eit barn. Stillinga er for tiden lagt til Blakstad naturbarnehage.
Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).
Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Systemarbeid, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Med dette som bakgrunn har Blakstad Naturbarnehage valgt å spisse sitt fokus mot natur og uteliv.
Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/
Vi oppfordrar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Fagarbeidar skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift. Fagarbeidar må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn.
Dette betyr mellom anna;
- Ha medansvar for å legge til rette for barna sin leik, læring og utvikling. Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god vaksenmodell
- Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det praktiske og pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Delta aktivt i systematisk og jamnleg rettleiing i arbeidet
- Medansvar for å skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- Bruke og vidareutvikle eigen fagkompetanse
- Bidra til eit godt samarbeid og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen
Spes.ped.ass skal arbeide i tråd med retningsliner for spesialpedagogiske assistentar i barnehage, utarbeidd av Sykkylven kommune. Stillinga er knytt opp til eit enkeltbarn, og det er barnet sine behov som er styrande for arbeidet. Dette skjer i tett samarbeid med spesialpedagog og ped.leiar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning
(ufaglærte med realkompetanse kan også vere aktuelle for stillinga) - God i norsk munnleg, minimum nivå B2
Praksis frå barnehage er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same
- Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn
- Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne
- Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen
- Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Sørestrandvegen 12356222 Ikornnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5092192128
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d225a1b-9216-4c1d-8901-13d5d7e9d5e9
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1970d43e58940638e687a61f1f1846e