Hopp til innhold

Spesialpedagog i PPT 40% vikariat

Arbeidsgiver

Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune

Sted

Haugneset 20, 6230 Sykkylven

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Spesialpedagog i PPT - 40% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

 Vi har ledig 40% vikariat som spesialpedagog ved PPT frå august 2026 og fram til juni 2028. 

PPT gir råd og rettleiing i høve opplæring og utvikling til barnehagar, skular, vaksenopplæringa, samt barn og føresette. Tenesta skal ha eit særskilt fokus knytt til effektivt sakkunnig arbeid og samtidig sikre utøving av systemretta arbeid i samsvar med kommunen si satsing på førebyggande tiltak og tidleg innsats. Sykkylven kommune er ein BTI kommune med fokus på betre tverrfagleg innsats der PPT har ein viktig rolle i arbeidet. 

Vi ser etter deg som har relevant utdanning og erfaring innan spesialpedagogisk arbeid. Du bør ha erfaring med kartlegging og rettleiing, samt trives med både sakshandsaming og systemarbeid.  

Tenesta nyttar fagprogrammet Visma Flyt PPT i sakshandsaminga og Visma Samspill i saker som krev samhandling. 

Arbeidsstad
PPT er organisert under barne- og familietenestene i lag med med jordmor-, helsestasjons- og skulehelsetenesta, barneverntenesta, flyktningtenesta, fysioterapeut og familiestøttande team. Desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak. 

Arbeidsstad er Haugneset 20, 6230 Sykkylven


Arbeidsoppgåver

  • Utføre sakkunnig arbeid for barn, unge og vaksne etter Opplæringsloven og Barnehageloven
  • Gjennomføre utgreiingar og kartleggingar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med andre tenester og deler av hjelpeapparatet på individ- og systemnivå
  • Yte rettleiing og fagstøtte til føresette, personell og tenester som arbeider mot målgruppa
  • Bistå barnehage og skule i arbeidet med organisasjons- og kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

  • Krav om minimum 3-årig pedagogisk utdanning på bachelornivå , fortrinnsvis lærerutdanning
  • Ønskeleg med master i spesialpedagogikk, men minimum bachelor i spesialpedagogikk
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med ulike kartleggingsverktøy
  • Ønskeleg med relevant arbeidserfaring frå spesialpedagogisk arbeid, spesielt med barn i skulealder
  • Kjennskap til aktuelle lovverk og læreplanar
  • Interesse for rettleiing, utvikling og systemretta arbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeids-, formidlings- og kommunikasjonsevner
  • Krav om gyldig politiattest
  • Krav om sertifikat og eigen bil i tenesta

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har evne til å

  • skape tillit og bygge trygge relasjoner
  • skape endring og stå i krevjande situasjonar over tid
  • arbeide sjølvstendig og i team
  • formidle kunnskap og jobbe systematisk
  • jobbe strukturert og målretta
  • sjå ressurser og løysinger innanfor gitte rammar
  • forstå viktigheita av tidleg intervensjon, førebygging og tilrettelegging
     
    Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Tett samarbeid med andre tenesteområder 
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
  • Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
  • Gratis parkering
     

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Tor Ove Myrseth, Avdelingsleiar PPT, 95087304, tor.ove.myrseth@sykkylven.kommune.no
Carolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, +47 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5119062548
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 12.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Carolin Urke

Einingsleiar Barn- og familietenestene

+47 94002772

carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Tor Ove Myrseth

Avdelingsleiar PPT

95087304

tor.ove.myrseth@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6d78cfc-e980-4323-880d-2c9415aeafb6

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6b32b7e9326c4df3862bef3b708ec6bb

Lignende annonser

Laster lignende annonser