Hopp til innhold

Vil du jobbe med saker som bidrar til at skatt blir rett fastsett – også når eigarskap og verdiar kryssar landegrenser?

Arbeidsgiver

Skatteetaten, Næring

Sted

Hafstadvegen 21, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Vi skal styrkje arbeidet med internasjonale skattespørsmål og søkjer no ein ny kollega til gruppa vår i Førde. Som rådgivar hos oss vil du jobbe med å sikre rett skatt på utbytte som utanlandske skattepliktige får frå norske selskap – eit fagområde som betyr mykje for etterleving og for tilliten til skattesystemet i ein stadig meir internasjonal økonomi.

Du blir ein del av eit tverrfagleg fagmiljø med 17 kollegaer med ulik fagbakgrunn – mellom anna analytikarar, økonomar, revisorar og juristar. Her er det høgt under taket – noko som for oss betyr gode faglege diskusjonar der vi lærer av kvarandre og der spørsmål alltid er velkomne. 


Kva går jobben ut på?

Kort fortalt vil du jobbe med kontroll og oppfølging av saker innan kjeldeskatt på aksjeutbytte. Det inneber å vurdere om skattereglane blir brukt rett når norske selskap betaler ut utbytte til utanlandske eigarar.

Dette er ikkje saker som blir løyste i éin operasjon. Vi følgjer dei over tid og jobbar med få saker om gongen. Det gir rom for å gå grundig til verks, bruke fagleg skjønn – og av og til justere kursen når ny informasjon dukkar opp. Rolla passar derfor godt for deg som liker å dykke ned i problemstillingar, og som er komfortabel med at det ikkje alltid finst klare fasitsvar.

Nokre av sakene handlar om strukturar der utbyttet blir ført via eitt eller fleire selskap eller land før det når den reelle eigaren. I fagmiljøet blir dette gjerne omtalt som gjennomstrøyming eller aksjeparkering. Er desse omgrepa ukjende for deg? Ingen fare – du lærer medan du jobbar, med god støtte frå kollegaer som gjerne deler av kunnskapen sin.

Ein annan viktig del av jobben handlar om internasjonalt samarbeid. Slikt samarbeid kan vere operativt, eller det kan handle om trendar, modus, regelverk og så bortetter.

Digitale verktøy er ein naturleg del av arbeidskvardagen. Vi bruker fagsystem og analyseverktøy og utforskar også korleis kunstig intelligens kan støtte faglege vurderingar og arbeidsprosessar.

 Nokre konkrete oppgåver vil vere å:
  • planleggje og gjennomføre kontrollar innanfor fagområdet
  • følgje saker over tid og bidra med faglege vurderingar
  • jobbe tett saman med kollegaer i team
  • samarbeide med andre delar av Skatteetaten og i enkelte saker med utanlandske skatteadministrasjonar
  • bidra til å forstå og handtere risiko, mønster og regelverk innan internasjonal skatt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

Du har:
  • minimum bachelorgrad, gjerne innan økonomi eller jus. Mastergrad er ein fordel. Nyutdanna som fullfører utdanninga si våren 2026, blir oppmoda til å søkje, men eksamen må vere bestått før oppstart i stillinga. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT/HK-dir. 
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
  • interesse for eller erfaring med digitale arbeidsverktøy, inkludert KI
  • Kva ser vi etter hos deg?

    Du er utviklingsorientert, lærevillig og trivst med komplekse saker. Du samarbeider og kommuniserer godt og trivst både med å jobbe sjølvstendig og i team. Du er opptatt av å få ting gjort og levere gode resultat.  

    Kvifor skal du velje oss?

    Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med høvet til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og du får store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.

    Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksitid, betalt overtid og sommartid, og du kan dessutan få trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no.

    Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksle mellom å jobbe heimanfrå og å møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå ein avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjere.

    Du blir tilsett som rådgivar med ei årslønn mellom 600 000 og 750 000 kr, avhengig av kvalifikasjonane dine.

     Verdt å merkje seg før du søkjer

    Søknadsbrev bruker vi sjølvsagt ikkje. For oss er det meir nyttig at du leverer ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer at dette kan vere ein god match. Få gjerne med korleis du har jobba med problemstillingane på fagområdet så langt.

    Omvend referansesjekk er noko vi tilbyr om du er aktuell for stillinga. Det betyr at du får ringje nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje, for å finne betre ut om vi er ein god match. Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. 

    Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Vi er på jobb for alle, og Skatteetaten skal vere ein god stad å jobbe for alle. Dersom du har hòl i CV-en din, funksjonsnedsetjingar eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gjer det mogleg for deg å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. 

    Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Lista viser namn, alder, stilling og bustadkommune. Du kan be om å bli halde unna denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss. 

     

    Om arbeidsgivaren
    Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferda er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, fem divisjonar med landsdekkjande ansvar og, viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no

     

     

     

    Kontaktinformasjon

    Atle Halvorsen, underdirektør, 913 77 911

    Arbeidssted

    Hafstadvegen 21
    6800 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Skatteetaten

    Referansenr.: 5114996514
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 10.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Atle Halvorsen

    underdirektør

    913 77 911

    Om bedriften

    Velg en jobb der du får utfordret deg selv ved å løse utfordringer for andre. Vi sikrer finansiering av velferdssamfunnet ved å sørge for at alle bidrar med det de skal. Vi gjør det på vegne av fellesskapet, fordi velferden er noe som kommer alle til gode. Tilliten folk har til oss er høy, og den jobber vi hver dag for å fortjene. Vi består av et direktorat, fem divisjoner som har landsdekkende ansvar, og viktigst av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidere som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda bedre kjent med oss og alt vi holder på med? Les mer på skatteetaten.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    355a1540-575b-4ac0-8dac-738fd3186760

    Sist endret

    23. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    fdc81e88a09b414995c9523f2d2fd710

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser