Hopp til innhold

Blomsterdekoratør/ medarbeidar i gardsbutikk

Arbeidsgiver

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) 

Sted

Skulevegen 24, 5745 Aurland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Blomsterdekoratør / medarbeidar i gardsbutikk
Oppstart
12. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

SJH ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid) og er ein av fleire vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune. 

Gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) har ledig vikariat  som blomsterdekoratør i 80 - 100 % stilling




Arbeidsoppgåver

- skape vakkert binderi til alle anledningar i livet
- ansvar for blomsteravdelinga i gardsbutikken
- handtere bestillingar både på telefon og i butikk
- arbeide saman med gartnar med produksjon i veksthus og snittfelt
- det vil i periodar bli arbeid utanom ordinær arbeidstid
- aktiv deltaking i team innafor arbeidsfeltet
- utkøyring av blomsterbestillingar til alle anledningar
- arbeid i gardsbutikken; betjene kassapunkt, bestilling, prising, mottak og plassering
- stillinga inngår som ein del av bemanninga i gardsbutikken 

Kvalifikasjonar

- fagbrev som blomsterdekoratør, eller erfaring med blomsterbinding er eit krav
- relevant arbeidserfaring innafor fagområdet 
- kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
- evne  og vilje til å skapa eit godt arbeids- og læringsmiljø

Personlege eigenskapar

- serviceinnstilt, kreativ og har godt humør
- kan arbeide sjølvstendig og i team
- trivst i hektisk arbeidsmiljø, spesielt i høgtider og travle periodar
- strukturert
- utviklingsorientert 
- høg gjennomføringsevne

Vi tilbyr

- triveleg arbeidsstad med kjekke kollegaer
- varierte arbeidsoppgåver
- fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår

 

 

Kontaktinformasjon

Inger Kristin Dale, Avdelingsleiar, inger.kristin.dale@vlfk.no

Arbeidsstad

Skulevegen 24
5745 Aurland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5032873800
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

35182315-f01f-4c76-8dab-7f8696b6c242

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

67dda158139744e7af2ea20675e543d5

Lignende annonser