Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig 80% sjukevikariat for sjukepleiar/vernepleiar f.t. todelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Oppstart frå snarast eller etter avtale. Vikariatet har 6 mnd varigheit, men kan verte forlenga.

Ved eventuelle interne rokkeringar kan andre stillingar verte ledige.

Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri og består av ein døgnpost og ein poliklinikk. APS Sunnmøre er tverrfagleg samansett av legespesialistar, legar i spesialisering, ergoterapeut, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og merkantile ressursar.
Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar i følgjande målgrupper:

  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
  • Personar med demenssjukdom og alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsaker gjer alderspsykiatri tenleg.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
  • Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonens utvikling
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Dokumentasjon
  • Medikamenthandtering
  • Pasientnært arbeid
  •  Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar/vernepleiear
  • Ein må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide i tverrfaglege team
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Arbeide sjølvstendig
  • Ta initiativ
  • God digital kompetanse - Helseplattformen
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Omstillingsdyktig
  • Stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
  • Relasjonsbyggar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert last opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5034705952
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.11.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3408993c-2604-42be-a64e-2cc5aee88757

Sist endret

27. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

5cbbb6894912424fa5014d102f4cf864

Lignende annonser

Arbeidsgiver

DIALYSE VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund