Sjukepleiar
DIALYSE VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Dialyseavdelinga i Ålesund har ledig vikariat og vi søkjer deg som er sjukepleiar, som kunne tenke deg å jobbe med pasientar med akutt og kroniske nyrelidingar og oppfølginga av desse. Vikariata inneber arbeid i vår hemodialyseavdeling og ikkje i poliklinikkarbeid.
Vi har ledig to 80% vikariat frå snarast eller etter avtale, med varigheit til september 2027.
Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag.
Stillinga inneber også f.t. arbeid kvar 3.helg og telefonberedskap i turnus. Interne omrokkeringar kan gi andre ledige vikariat.
Vi håpar at akkurat DU vil bli med i vårt fine dialyseteam!
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillingane. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Utøve sjukepleie til pasientar med kronisk og akutt nyresvikt
- Bidra med fagleg kartlegging, observasjon, tiltak og oppfølging gjennom heile pasientforløpet
- Vere ein aktiv deltakar i det tverrfaglege teamet kring pasientane
- Følgje opp medisinske forordningar
- Kunne observere, handtere og setje igang strakstiltak ved akutte hendingar
- Motivere og leggje til rette for at pasienten skal auke sin mestrings-og funksjonsevne
- Sikre god samhandling med kommunane og andre samarbeidande instansar
- Halde seg fagleg oppdatert, samt vere aktiv i utviklingsarbeid både fagleg og i arbeidsmiljøet
- Vere framtidsretta og ha god evne til endring og omstilling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring fra arbeid med pasienter med kroniske nyrelidingar
- Sjukepleiar med dialyseerfaring og/eller vidareutdanning innan dialyse kan verte prioritert
- Ønskeleg med kjennskap til dokumentasjonssystem, god IKT kunnskap, gjerne erfaring med Helseplattformen
Personlege eigenskapar
- Positiv og initiativrik
- Godt humør
- Svært god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Fleksibel og resultatorientert
- Fagleg sterk og teknisk anlagt
- Gode datakunnskaper
- Pasientfokusert
- Evne til å samarbeid med andre samt å jobbe sjølvstendig
- Kunne medverke til det gode arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande og positiv arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Eit solid og godt fagmiljø
- Ein arbeidsplass med fokus på nærvær og trivsel
- Gunstig turnus med helsefremjande vaktordning
Kontaktinformasjon
Lise Grytten Blindheim, Seksjonsleiar, 70 10 63 15, Lise.Grytten@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5071027459
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25c96acf-7c78-4efe-a222-0e78f6bba101
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f67c56d44f24f00a0f613be58b26f31
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund