Hopp til innhold

Jordmor

Arbeidsgiver

Føde, barsel- og gynekologisk post, Stord Sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Ledig vikariat hos oss!

Vi er ei kombinert føde-, barsel og gynekologisk avdeling med omlag 400 fødslar i året og 450 gynekologiske operasjonar. Avdelinga har seleksjonskriterier og samarbeider tett med fødeavdelinga, samt nyfødtintensiv ved Haugesund sjukehus.

Som jordmor hos oss kan du forvente ein variert arbeidshverdag som inkluderer føde, barsel og gynekologi. Vi legg stor vekt på god opplæring og sørger for at du får støtte frå våre erfarne kollegaer. Arbeidsmiljøet vårt er tverrfagleg og prega av eit sterkt fokus på samarbeid og fagleg utvikling, noko som gir gode moglegheiter for både personleg og profesjonell vekst. Stillinga er tredelt og inkluderer helgearbeid.

Viktig informasjon: Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til jordmorstillinga, vurderer vi å tilsette sjukepleiar. Ved ansettelse av sjukepleier vil det være ein delt stillig, der 80% er på Føde/gyn og 20% er på medisinsk avdeling. 

Vi har no ledig eit 1 års vikariat hos oss med oppstart etter avtale

Høyres dette spennande ut, søk i dag! Dersom spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt! 

Kva går jobben ut på?

  • Fødsel- og barselomsorg
  • Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Studentrettleiing

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisasjon som jordmor
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Er strukturert
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Ser pasienten og har respekt for den enkelte pasient
  • Er sjølvstendig
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Kvifor skal du velje oss?

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Horvei, Funksjonsleiar, +47 47241033

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5068829423
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

33515a95-568d-4a81-a8e0-73ef6b8c670a

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1da069213bac4b98a9f26d3d9782cb64

Lignende annonser

Laster lignende annonser