Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Sted

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar ved Nore Neset barneskule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.

Vi kan tilby 100 % fast stilling i eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025-26 vil skulen ha om lag 300 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

Arbeidsoppgåver 
Som miljørettleiar ved Nore Neset barneskule vil du vere ei viktig støtte i undervisninga for enkeltelevar og elevgrupper. Du vil samarbeide tett med lærarar og andre tilsette, og bidra til å utvikle ein sterk vi-kultur i arbeidet med elevane og dei føresette. 
Stillingane omfattar arbeid både i skule og SFO, inkludert ferieopen SFO. 

Kvalifikasjonar 
Vi søkjer deg som er vernepleiar eller som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anna relevant utdanning og erfaring kan òg bli vurdert. 
I tråd med opplæringslova er det krav om gyldig politiattest for den som får tilbod om stillinga. 

Personlege eigenskapar 
Vi søkjer ein trygg, varm og raus vaksen som møter alle barn med respekt og omsorg. Du er robust, leiken og har evne til å stå i ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfulle og varierte oppgåver. 
Læring står sentralt i skulen, og du bidreg til å motivere elevane både i tradisjonelle klasseroms situasjonar og i alternative læringsarenaer. Inkludering er ein grunnleggjande verdi ved Nore Neset barneskule – hos oss skal alle elevar oppleve å høyre til i fellesskapet. 

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rektor Ann Irene Brunvoll

+47 938 21 216

aib@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

328c255b-9ba8-4167-8051-c2e9e6499dc2

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593285_207773_nn

Lignende annonser