Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule

Sted

Lerkevegen 2, 5212 Søfteland

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar på mellomtrinnet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Ved Søfteland barneskule har vi ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.06.2026.

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til eit godt læringsmiljø og gode resultat for skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad Søfteland barneskule
Søfteland barneskule ligg ved den gamle riksvegen mot Osøyro sentrum når du kjem frå Bergen.
Skuleåret 2025/26 har skulen 212 elevar. Kjerneverdiane våre er at elevane skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring og at dei skal bli møtt med respekt og omsorg og slagordet vårt er «saman skaper vi framtida».
Du kan lese meir om Søfteland barneskule på nettsida vår:www.softeland.no 

Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og personalansvar
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Dialog med føresette
- Vikararbeid
- Timeplanlegging
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam

Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for barnetrinnet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
­- «godkjenning som lærer i skole
- det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og ønsker tilsette med god fagleg kompetanse. Du må vere løysingsorientert, fleksibel og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du må ha god digital kompetanse.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rektor Line Marie Aarbakke

+47 945 22 176

lmaa@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ac4b173-228f-4441-81a8-2b275f146454

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3588033_207777_nn

Lignende annonser