Helgestiling i turnus
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 22%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. februar
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Idrettsvegen bufellesskap, har ledig omlag 22% fast helgestilling, i turnus.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar.
Idrettsvegen bufellesskap, er eit av 9 bufellesskap i eininga, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
- Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning
- Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
- Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Stillinga er i turnus m/arbeidshelg m/arbeidshelg kvar 4 helg ( f.t langvakter)
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
32705c5b-e2d8-4937-930f-e028c3089a3e
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3592645_196017_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Sted
Os