Hopp til innhold

Bumiljø- og bustadkonsulent

Arbeidsgiver

Studentsamskipnaden på Vestlandet - Saman

Sted

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bumiljø- og bustadkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om stillinga

Saman søkjer ein initiativrik og fleksibel bumiljø- og bustadkonsulent
Stillinga er retta mot studentar, og arbeidsoppgåvene vil vere varierte og spanande. Arbeidsstaden er lokalisert på Campus Sogndal,men stillinga er knytt til oppgåver på fleire Campus og det må påreknast noko reisetid.

Vi ynskjer ein strukturert og tydeleg medarbeidar med gode evner til å kommunisere, både munnleg og skriftleg. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar, engasjement, fleksibilitet og samarbeidsevner.


Arbeidsoppgåver

  • Kundehandsaming i servicesenter
  • Bustadutleige til norske og internasjonale studentar
  • Tilrettelegging for og utvikling av eit godt bumiljø
  • Kommunikasjon og informasjon.
  • Saksbehandling og administrative oppgåver

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på bachelornivå
  • Relevant erfaring innan kundebehandling/ marknad
  • God teknisk forståing og kompetanse i bruk av digitale verktøy
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og trivst med sal- og kundekontakt
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Handterer ein hektisk kvardag godt
  • God samarbeidsevne og trivst i eit ungdommeleg miljø
  • Fagleg nysgjerrig og oppdatert

Me tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Godt arbeids- og sosialt miljø  
  • Mogelegheit for fagleg utvikling, kurs o.l.
  • Opplæring i operative system
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Ein inkluderande, open og samarbeidsorientert arbeidsplass
  • Ansatthytte på Kvamskogen

Om bedriften

Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader,barnehager,treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- ogrådgivningstjenesterfor 45 000 studentar. Me er lokalisert i Stord, Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde og har 500 tilsette som kvar dagjobberfor at studentane skal ha eit godt velferdstilbod. Me skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod.

Saman som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og å inkludere, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette.

ME BRYR OSS!

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

323e7685-3b2f-49e8-9c3f-8fcf2612f6e9

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10276902

Lignende annonser