Hopp til innhold

Kvednatunet

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kvednatunet

Sted

Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar, 70% fast nattstilling
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team?

Vi søker no etter 1Sjukepleiar /vernepleiar til 70% natt ved  Kvednatunet

Om avdelinga:

Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demensdiagnose. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er det tverrfaglege i fokus, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefag, aktivitør - og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.

Kvednatunet er lokalisert på Ågotnes omlag 10 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver som legevisitt, dosering, palliativ pleie
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Ivareta sjukepleie fagleg ansvar på vakt.
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar

 

Ønskjeleg med:
  • Ønskjer å jobba med demente
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert.
  • Gode samhandlingsferdigheiter
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Evne til å være med å skape eit godt arbeidsmiljø

 

Anna:  

  • Vi har årsplan og mogelegheit for langvakter.
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus har kr. 25000,- pr.år over gjeldande tariff
  • Sjukepleiar på natt får ubekvemstillegg på kr: 40000,- (100% stilling)

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Beate Lønningen telefon : 916 73 031Avdelingsleiar Bodil Janne Giil telefon : 916 73 032  

 

 

 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Beate Lønningen

+47 91673031 +47 55096213

beate.lonningen@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

31a79ebf-3dca-48d1-84b8-7a8a1351bf90

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3592587_192447_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Skogsvåg

Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kvednatunet

Sted

Ågotnes

Sjukepleiar 75% fast stilling natt , somatisk avdeling

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Fjell sjukeheim

Sted

Straume