Har du lyst til å bli ein del av hjartet i Suldal kommune?
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Konsulent/Spesialkonsulent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
Me i Organisasjon og innbyggarkontakt leitar etter ein engasjert person som kan ta på seg eit vikariat som konsulent/spesialkonsulent i 100 % stilling. Kanskje er det akkurat deg?
Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman.
Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst og helse, og får varierte oppgåver som gjer dagen både spanande og lærerik.
- Administrativ støtte til einingsleiarar
- Personalmeldingar og merkantile oppgåver
- Fakturering og refusjonar
- Systemadministrator i ulike fagsystem
- Og litt av kvart anna som dukkar opp
Me ser etter ein som:
- Har relevant høgskuleutdanning
- Er digitalt sterk og lærer nye system raskt
- Kan formulere seg godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
- Du trivst med ansvar og utfordringar
- Du er ein lagspelar med gode kommunikasjonseigenskapar
- Du er løysingsorientert og har orden i sysakene
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø og gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksitid og gode pensjonsordningar
- Ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen – bokstaveleg talt!
Oppstart: snarast, etter avtale.
Vikariatet gjeld til utgangen av 2026, med mogleg forlenging.
Vil du vite meir om oss? Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår. Har du spørsmål, ta kontat med Bente på 41 49 32 30 og les meir om
Send søknaden elektronisk via kommunen si nettside. Har du spørsmål? Ring oss på 52 79 22 00.
Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Suldal kommune
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3132439a-8065-4acd-91a9-002eeadc7907
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3626883_203629_nn