Hopp til innhold

Bli ein del av lærarane sitt Kraftlag i Suldal.

Arbeidsgiver

Suldal Kommune

Sted

4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Lærarar 2. gongs utlysing
Type ansettelse
Fast, heltid og deltid
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Me ønskjer deg som set elevane i fokus.

Om oss:

Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»

Som lærar hos oss jobbar du tett på elevane, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.

Me treng lærarar på desse skulane;

Sand skule 100% fast - ønskeleg med norsk og framandspråk Marvik skule 100 % fast - ønskeleg med grunnskulelærarutdanning Erfjord skule 100 % fast - ønskeleg med grunnskulelærarutdanning Nesflaten 50% fast - ønskeleg med grunnskulelærarutdanning Kven ser me etter?
  • Du har godkjent lærarutdanning. For skuleåret 26/27 ser me særleg etter lærarar med følgjande fagkompetanse:framandspråk og norsk, grunnskulelærarutdanning.

  • Har du anna utdanning eller relevant kompetanse er du også velkommen til å søkje.

  • Du planlegg og gjennomfører undervisning som vekker nysgjerrigheit og motivasjon hos elevane.

  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande læringsmiljø. Du jobbar for at alle elevar blir sett og får støtte til å utvikla seg.

  • Du er god på å variere undervisningsmetodar og er løysingsorientert, slik at ulike læringsbehov blir møtt.

  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.

  • Du er engasjert i elevane si læring og trivsel og deltek aktivt i skulen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt skulemiljø.

Kraftlaget -- kva får du hos oss?

Arbeidsmiljø

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.

Fleksibilitet og kvardagsliv

Me gir ekstra lønnstillegg til lærarar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.

  • Lærar som har spesialpedagogiske oppgåver, eller norsk 2, og som ikkje har funksjonstillegg som konktaktlærar: 18 000 kroner

  • Sosiallærar: 26 000 kroner

  • Rådgjevar: 26 000 kroner

  • Kontaktlærar for 1-12 elevar: 18 000 kroner

  • Kontaktlærar for 13-16 elevar: 20 000 kroner

  • Kontaktlærar for 17-24 elevar: 26 000 kroner

  • Kontaktlærar for 25 elevar eller fleire: 32 000 kroner

Utviklingsmoglegheiter

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.

Bu i Suldal

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.

Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

  • Engasjerte og dyktige kollegaer

  • Bedriftshelseteneste

  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff

  • Nynorsk som administrasjonsspråk

  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar

  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa

  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Om bedriften

Suldal kommune Overordna oppvekst

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune -- eksotisk, aktiv og trygg!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

51906e39-e245-45aa-9090-fd6f811c9aca

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

463247225

Lignende annonser

Laster lignende annonser