Hopp til innhold

Ledige helgestillingar i Helse og omsorg

Arbeidsgiver

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

Sted

6740 Selje, 6750 Stadlandet, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Ledige helgestillingar i Helse og omsorg
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar i Stad kommune. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat.

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning.
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag.
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren.

Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

Merk: Spesifiser gjerne i søknaden kva avdeling eller stilling du ønskjer å søkje på.

Oversikt over einingar med ledige stillingar:

Institusjon
Hogatunet, Nordfjordeid
Seljetunet, Selje

Heimetenesta
Nordfjordeid
Selje / Stadlandet

Bu- og miljøtenesta
Avdeling indre:
Myroldhaug/Gjerdane (psykisk helse og rus)
Myroldhaug (teneste for funksjonshemma)
Elvebøen (teneste for funksjonshemma)
Barneavlastning

Avdeling ytre:
Bu- og miljøtenesta ytre (Kvia, Reidahauen, Triveli)


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • Lærlingar, studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget kan gjerne søkje.
  • Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppfordra til å søke
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • Ufaglært med gode personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5048744814
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann Charlotte Jansson

Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta

97723146

ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Annette Hovden

Einingsleiar Heimetenesta

45 47 84 72

annette.hovden@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim

einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter

48045210

heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

31009f94-830a-4f27-8135-e2da93be5252

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4ecdaac500ab4043ada8f9615ea066db

Lignende annonser