Hopp til innhold

Sommarjobb i helse og omsorg, heile kommunen

Arbeidsgiver

Institusjonar, heimeteneste, bu- og miljøteneste Selje, Stadlandet, Nordfjordeid mm 

Sted

6740 Selje, 6750 Stadlandet, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb helse og omsorg - heile kommunen
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Har du lyst på ein meiningsfull sommarjobb? Sjå her!

Stad kommune søkjer etter fleire ferievikarar i helse og omsorg i perioden juni – august 2026.

Kanskje du har erfaring frå arbeid innan helse, er under helse- og sosialfagleg utdanning, eller lurer på om dette yrket er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til å tileigne deg kunnskap og erfaring om helse- og omsorgsfaget.

Hos oss kan du få moglegheit til å arbeide langvakter i ein turnus som kan gi større fleksibilitet i kvardagen. For mange betyr dette færre oppmøtedagar, meir samla fritid og betre høve til å få balanse mellom arbeid og privatliv. Langvakter kan også bidra til meir kontinuitet for brukarane og meir samanheng i arbeidsdagen for deg som tilsett.

Vi ber deg spesifisere i søknaden når i perioden du kan arbeide, og om du har særskilt ønskje om arbeidsstad.

Viss du er under relevant utdanning er det fint at du spesifiserer kva fagretning du studerer, og kor langt du er kome. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.

Under finn du ei oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb, og kvar i kommunen dei er plasserte.

Du finn også meir utfyllande informasjon i vårt tenestemagasin.


Oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb

  • Institusjonane og institusjonskjøken
    Seljetunet, Selje
    Hogatunet, Nordfjordeid

  • Heimetenesta 

    Selje/Stadlandet:
    Ambulerande heimeteneste og Fredly/Flatebø bufelleskap

    Nordfjordeid:
    Ambulerande heimeteneste og Fossevegen bufelleskap 

  • Bu- og miljøtenesta

    Avdeling ytre
    Bu- og miljøtenesta ytre, tenesta for funksjonshemma (tre bufellesskap)

    Avdeling indre
    Myroldhaug/Gjerdane, psykisk helse og rus
    Myroldhaug, teneste for funksjonshemma
    Elvebøen, teneste for funksjonshemma
    Barneavlastning
    Psykisk helseteam og uteteam
     

Arbeidsoppgåver

  • Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse 
  • Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette

Kvalifikasjoner

  • Du bør helst vere fylt 18 år
  • For arbeid i heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
  • Du må levere politiattest før start i stillinga

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
  • Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
  • Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon

Vi tilbyr løn etter tariff og lokale avtaler. 
Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.

Viss du har spørsmål kan du kontakte leiarar i dei ulike einingane.

Kontaktinformasjon

Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5100107349
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb, Vikar
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann Charlotte Jansson

Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta

97723146

Annette Hovden

Einingsleiar Heimetenesta

45 47 84 72

Heidi Munch Starheim

einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter

48045210

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

be8a74a9-a7d1-4212-86f2-13fa16b7105a

Sist endret

15. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a050f1af722c48ec993b3be85f16842c

Lignende annonser

Laster lignende annonser