Lærar i restaurant og matfag
Sotra vidaregåande skule
Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i restaurant og matfag
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. april
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter lærar Restaurant og matfag i 60% stilling i eit vikariat for skuleåret 2026 / 2027. Det kan være aktuelt med auka stilling utover 60%. Den vi ser etter kan undervise på tilrettelagt avdeling og har bakgrunn som kokk eller eit av dei andre faga på Restaurant og matfag.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet restaurant- og matfag i tilrettelagte grupper
- Undervisning på vaksenopplæring, kurs eller undervisning i Vg1 eller Vg2 innan RM kan òg bli aktuelt
- Tett oppfølging av einskilde elevar og samarbeidsbedrifter
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing
- Halde seg informert om utviklinga i bransjen, samt ha god kontakt med bedrifter
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få ein god overgang til arbeid og kunne meistre livet som vaksen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk eller eit av dei andre faga i programområdet
- Spesialpedagogisk utdanning
- Yrkeserfaring frå restaurant- og matfag
- 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
- Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt
- Gode IKT kunnskapar
- Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg
- Særleg relevant yrkeserfaring innan fagområdet kan kompensera for krav om fagbrev
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du har stort engasjement for faget og for at elevane skal lykkast med opplæringa
- Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling
- Du er fleksibel og ser moglegheiter
- Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever, føresette, kollega og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- Trimgrupper for tilsette
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kontaktinformasjon
Beate Fossen Nordborg, Avdelingsleiar tilrettelagt SkogsvågErik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Finkelhølsvegen 105382 Skogsvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5106182259
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 24.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Olav Lee
rektor
93034370
Erik Henneli
Assisterande rektor
95826077
Beate Fossen Nordborg
Avdelingsleiar tilrettelagt Skogsvåg
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2fe07df5-9968-4ca5-8ee1-3d85482b76bc
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d00a497bbe9488b9a2db7123fa29327