Hopp til innhold

Lærar i Helse- og oppvekstfag

Arbeidsgiver

Sotra vidaregåande skule

Sted

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i Helse- og oppvekstfag
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 24. april

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter lærar i helse og oppvekstfag i 80% vikariat for skuleåret 2026 til 2027. Stillingsstørrelsen kan aukast. Vi er på jakt etter ein lærar som kan samarbeider godt i faggruppa og som har undervisningskompetanse i Helse- og oppvekst faga.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet helse og oppvekstfag
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing
  • Halde seg informert om utvikling i bransjen, samt ha god kontakt med arbeidslivet
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at dei skal få læreplass
  • Skape eit inkluderande læringsmiljø der elevane opplever meistring og medverknad

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev eller høgare utdanning
  • Yrkeserfaring frå helse- eller oppvekstsektoren, gjerne som barnehagelærer eller barne- og ungdomsarbeidar
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrevnivå og praktisk pedagogisk utdanning, eller godkjent yrkesfaglærarutdanning
  • Undervisningserfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom
  • Du har stort engasjement for helse- og oppvekstfaga
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
Trimgrupper for tilsette
 
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Kontaktinformasjon

Irene Tellnes Eide, avdelingsleiar, 93229124
Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Finkelhølsvegen 10
5382 Skogsvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5105872125
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 24.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Olav Lee

rektor

93034370

Erik Henneli

assisterande rektor

95826077

Irene Tellnes Eide

avdelingsleiar

93229124

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9831d992-5cd6-4575-8d76-f2bedbb756af

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e21385abdc5e482ba750017a4d0f31e0

Lignende annonser

Laster lignende annonser