Hopp til innhold

Merkantil medarbeidar, spesial konsulent / konsulent.

Arbeidsgiver

Sotra vidaregåande skule

Sted

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Merkantil medarbeidar, spesial konsulent / konsulent.
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter ein medarbeidar til å utføre merkantile arbeidsoppgåver, for tiden på Skulestad Skogsvåg i Finkelhølsvegen 10. Jobben er allsidig og er ein sentral funksjon på skulen.


Arbeidsoppgåver

  • Merkantile oppgåver i samarbeid med adm leiar og kollega på merkantil avdeling
  • Skuleadministrative system
  • Bruk av Visma Inschool, Visma Enterprice og Elements
  • Førstelinjeteneste med resepsjon og sentralbord
  • Kommunikasjon med elevar og føresette
  • Kommunikasjon med lærarar og leiarar
  • Delta i førebuing og gjennomføring av eksamen
  • Støtte leiarar i arbeid med løn

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og erfaring som er relevant for merkantilt arbeide i skulen
  • Må beherske nynorsk
  • Gode ferdigheiter og kunnskapar  i IKT
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert
  • Taklar høgt tempo og utfordringar
  • Gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
  • Kommuniserer godt med unge menneske
  • Det vert lagt vekt på at den vi skal tilsette er personleg egna til arbeidet.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
  • Trimgrupper for tilsette
Andre opplysningar

Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Ønskjeleg med oppstart i august. 

Kontaktinformasjon

Jon Harald Heldal, leiar administrasjon     , 92255955
Erik Henneli, ass.rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Finkelhølsvegen 10
5382 Skogsvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5104654497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Olav Lee

rektor

93034370

Erik Henneli

ass.rektor

95826077

Jon Harald Heldal

leiar administrasjon

92255955

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

08ba947c-9df9-47de-b627-6c352584a474

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

315f89923d7e4bc89115a5591960853a

Lignende annonser

Laster lignende annonser