Kommersiell direktør - Fjord1
Fjord1
Strandvegen 15, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommersiell direktør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Som kommersiell direktør jobbar du strategisk og i tett samarbeid med dei andre avdelingane for å skape resultat. Vi ser etter ein leiar med sterk gjennomføringskraft, med dokumenterte resultat frå forretningsutvikling. Du har erfaring frå kunnskapsintensive verksemder, god samfunnsinnsikt og evne til å bygge nettverk både i bransjen og opp mot myndigheiter.
Som leiar vert du motivert av å skape resultat saman med andre og innehar sterk kremmarånd. Du skal som kommersiell direktør, leie og utvikle kommersiell avdeling, bidra aktivt i selskapsleiinga og være med å utvikle selskapet.
Vi søkjerdeg som har økonomisk eller anna relevant, høgare utdanning. Du har erfaring frå kommersielt arbeid, gjerne innan maritim næring eller opp mot det offentlege. Me trur det er ein fordel å ha god innsikt i rammevilkår for offentlege innkjøp og relevant erfaring frå anbodsarbeid. Du har solide kommunikasjonsferdigheiter i norsk og engelsk.
Vi tilbyrei sentral og utfordrande rolle i Norges leiande ferjerederi. Kommersiell avdeling er ei sentral brikke i å oppnå selskapets vekstambisjonar og som kommersiell direktør vil du få ei unik moglegheit til å forme dette arbeidet opp mot både leiing, styre og eigarar i selskapet og du vil verte ein sentral del av selskapets toppleiing.
Fjord1 har hovedkontor i Florø, og avdelingskontor i Bergen og Molde.
Har du spørsmål til stillinga, er du velkommen til å ta kontakt med vår rådgivar Headvisor; Morten G. Aggvin (410 47 125) eller søke gjennom www.headvisor.no innan 19. juli.
Alle spørsmål til våre rådgivarar behandlast fortruleg inntil anna er avtalt.
Om bedriften
Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har og aktivitet knytt til hurtigbåt, i tillegg til vårt eige cateringkonsept Ferdamat. Vi har som mål å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport til kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar. Fjord1 investerer også i lav- og nullutsleppsteknologi, og vi satsar på elektrifisering av det norske fjordsambandet. Samtidig tar vi på alvor det viktige ansvaret vi har som leverandør av kritisk infrastruktur til Kyst-Noreg.
Selskapet opererer ein flåte beståande av 77 fartøy, har 1200 tilsette og omsette i 2025 for 3,9 mrd. kr. Fjord1 er eigd av DIF Capital Partners, EDF Invest og KLP. Eigardelen er fordelt ved at DIF Capital Partners eig 40,05 prosent av aksjane, EDF Invest eig 40,05 prosent, og KLP eig resterande 19,90 prosent av aksjane
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2fb278ab-5d81-4145-a8c0-f8048ba1ad2a
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
466002667